To forteljingar om farskjærleik
Relatert innhald
Novelle som tek utgangspunkt i Sagaen om Floafolket, men er lagt til vår tid.
Les novella "Åleine om det". Under lesinga skal du markere minst fem sentrale sitat. Om du les på skjerm, kan du klippe ut sitata og lime dei inn i eit nytt dokument.
Sitata du markerer skal vise
- korleis hovudpersonen Torgils sin farskjærleik kjem til syne
- korleis Torgils' sorg over kona si viser seg
Samanlikn sitata de har samla og diskuter:
- Korleis synest de Torgils sin farskjærleik blir skildra?
- Kva val tek forfattaren når ho skal fortelje om sorga til hovudpersonen? Kvifor?
- Kva vil de seie at er temaet i novella? Grunngi ved å bruke sitata de har brukt og trekkje inn nye sitat frå novella.
Relatert innhald
Sagaen om Floafolket, med lesestøtte som skal gjere det lettare å lese og forstå teksten.
Sagaen om Floafolket blei skriven ned på 1300-talet, men handlinga er frå slutten av 900-talet til 1000-talet. Hovudpersonen heiter Torgils, og sagaen fortel om reisene hans og den ærefulle åtferda hans.
Store delar av motivet i midtdelen av historia, kapittel 22–29, handlar om forholdet Torgils har til sonen sin, Torfinn. No skal du undersøkje korleis ein saga fortel om farskjærleik og sorg.
Om du ikkje har lese heile sagaen, kan du anten lese kapittel 22–29, eller "sentrale scener frå Sagaen om Floafolket" (under).
Oppdrag
Trekk ut minst fem sitat frå sagaen som du synest viser
- korleis hovudpersonen Torgils sin farskjærleik kjem til syne
- korleis Torgils si sorg over barnet sitt viser seg
- replikkar eller handlingar som ville vore utenkjelege for 2000-talsmennesket
Sit i grupper. Diskuter:
- Korleis kjem Torgils' kjærleik til sonen sin til syne i sagaen?
- Synest de Torgils er ein god far? Grunngi.
- Kva sitat valde de ut som "utenkjelege for 2000-talsmennesket"? Les dei opp for kvarandre og grunngi kvifor de meiner vi moderne menneske ikkje kunne ha handla, eller sagt, slik Torgils gjer i sagaen.
I denne oppgåva skal du
- skrive riktig namn på synsvinklane i tekstane
- skrive eit avsnitt der du bruker sentrale sitat for å vise kva funksjon ulik bruk av synsvinkel har for ein tekst
- Lag ei oversikt som viser både likskapar og forskjellar i framstillinga av farsrollen, farskjærleik og sorg i novella "Åleine om det" og Sagaen om Floafolket.
- Kva veit du om sagaer og vikingtida som kan forklare Torgils sine handlingar og replikkar som de plukka ut i del 4?
- Den mest kjende scenen frå Sagaen om Floafolket fortel at Torgils vel å skjere opp brystvorta si for å amme barnet sitt. Korleis vurderer de denne scenen i dag? Er Torgils si handling ein heltedåd?
Då novella "Åleine om det" kom ut, skreiv forfattaren Aina Basso på Twitter:
Då kom boka! I antologien ‘Ti kniver i hjertet - vår tids sagaskrivere' har eg skrive den første samtidsnovella mi, ‘Åleine om det', inspirert av Flóamannasaga og helten Torgils som mistar kona i barsel og må ta seg av spedungen åleine. (Basso, 16.10.2018)
- Korleis ser du inspirasjonen frå sagaen igjen i novella?
- Kva effekt synest du det har at Basso skriv ei novelle som alluderer til ein gammal saga?
Det moderne samfunnet vårt er individualistisk. Det vil mellom anna seie at vi tek mindre omsyn til kollektivet, men er først og fremst opptekne av sjølvstende og det å kunne ta eigne val. Vikingsamfunnet, derimot, var kollektivistisk. Viktige ideal var slekt, venskap og truskap.
Drøft påstanden under. Grunngi ved å vise til utdrag frå novella og sagaen:
- Novella "Åleine om det" viser at faren i denne novella lever i eit individualistisk samfunn, medan Sagaen om Floafolket viser at Torgils lever i eit kollektivistisk samfunn.
Relatert innhald
Ta eit djupdykk i Soga om Floafolket, og avslutt med å presentere ei vald problemstilling.