Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sonetapet i Gjennom natten og Egilssaga

Del 1: Kva for ei kjensle?

Utdraga vi skal lese, skildrar ei kjensle som er vanskeleg å setje ord på. Les utdraga frå Stig Sæterbakkens Gjennom natten i presentasjonen under:

  1. Kva for ei kjensle trur de Sæterbakken beskriv?

  2. Kva verkemiddel bruker Sæterbakken for å beskrive kjensla?

Del 2: Prøv sjølv

Stig Sæterbakken beskriv den sterke sorga ein forelder vil kjenne på om hen mister eit barn. Han bruker samanlikningar "Den er som et lys...", metaforar ("en kulde kom og gikk...") og symbol ("det er natten som siden har vart").

  1. Prøv å skildre sorg med eigne ord. Bruk gjerne språklege bilete, slik Sæterbakken har gjort.

  2. Står du fast? Prøv å teikne kjensla i staden.

Del 3: Les utdraget

Romanen Gjennom natten handlar om Karl Meyer. Han mistar sonen sin Ole-Jakob, som tek sitt eige liv. Gjennom natten blei Stig Sæterbakkens siste roman. Akkurat som den litterære karakteren, Ole-Jakob, tok Stig Sæterbakken livet sitt.

Relatert innhald

Eit utdrag frå Gjennom natten av Stig Sæterbakken om ein fars sorg etter å ha mista sonen sin.

Les utdraget og svar på spørsmåla under:

  1. På kva for ulike måtar reagerer familien på Ole-Jakobs død?

  2. Korleis stiller familien seg til dei andre familiemedlemmane si sorg?

  3. Peik på nokre ulike språklege bilete som beskriv sorga til hovudpersonen.

  4. Vi seier ofte at ein del ord har visse konnotasjonar. Til dømes vil fargen grønt for dei fleste konnotere noko friskt og naturleg, medan fargen kvit ofte konnoterer uskyld. Våren forbind vi ofte med liv og barndom, medan hausten kan minne oss om alderdom. Finn du døme på ordval som konnoterer sorg i teksten?

Del 4: Sonetapet i Egilssaga

Egilssoga er blant dei aller mest kjende historiene frå norrøn tid. Årsaka er at helten sjølv, Egil, er ein karakter som langt frå er eindimensjonal. Han blir beskriven som veldig aggressiv, stygg og utan kontroll på temperamentet sitt.

Men sagaen fortel òg om Egils nære forhold til barna sine. No skal de lese eit utdrag frå sagaen som heiter "Sonetapet". Utdraget består av eit kvad med 24 vers, innramma av prosatekst.

Du finn utdraget på side 180–186 i denne utgåva på Nasjonalbiblioteket.

A. Les utdraget høgt i klassen

Utdraget eignar seg god for høgtlesing i klassen. Fordel gjerne rollene, slik at to elevar les prosadelane før og etter kvadet og resten les eitt–to vers av kvadet.

B. Skriv og snakk om utdraget

  1. Kor mykje forstod de av det de las? Skriv ned alt du fekk med deg om sorga til Egil og familien hans.

  2. Ta ein runde i klassen og fortel kva de fekk med dykk. Kanskje de saman kan oppnå forståing for korleis sorga pregar familien?

  3. Kva slags verknad har kvadet på Egil? Korleis endrar han sinnstilstand i løpet av og etter å ha sagt kvadet?

C. Korleis blir sorga formidla?

Kva verkemiddel blir brukte i sagaen for å formidle sorga over den tapte sonen? Bruk fagomgrep og peik på sitat frå teksten.

Del 5: Samanlikn tekstane

Skriv ein kort tekst der du samanliknar korleis sorgtematikken blir behandla i dei to tekstane. Bruk gjerne modellteksten under som inspirasjon og mal til skrivinga di.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 07.04.2021

Læringsressursar

Familien i litteraturen