Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kulturkampen på 30-talet i kontekst

I denne skriveoppgåva skal du velje mellom to oppdrag. Du skal anten samanlikne kulturdebatten på 30-talet med realismen på 1800-talet, eller reflektere over om du som ungdom har noko å gjere opprør mot i dag.
Studentar som protesterer mot økonomiske kutt i Roma. Dei har hendene i veret. Somme ber flagg og plakatar. Dei ropar slagord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du har utforska kulturdebatten på 1930-talet, Sigmund Freuds betydning for litteraturen og konflikten mellom ytringsfridom og krenkinga av folks religiøse verdiar, skal du bruke kunnskapen din i ei skriveoppgåve:

Vel ei av skriveoppgåvene under. Den eine skodar bakover til realismen på 1870-80-talet, medan den andre ser framover mot dagens samfunn. Du skal skrive cirka 800–1000 ord.

Oppgåve 1. Samanlikn kulturdebatten på 30-talet med den kritiske realismen

Portrett av Henrik Ibsen. Foto.

Fridomsprosjektet og opprøret på 30-talet mot autoritetane kan på mange måtar samanliknast med prosjektet til dei realistiske forfattarane på 1870- og 80-talet. Dei ønskte å vise korleis den skjulte moralen i samfunnet øydela individet sine moglegheiter for fridom og lykke.

Skriv ein fagartikkel eller eit essay med tittelen "Opprøret mot den konservative autoriteten". I teksten skal du samanlikne tekstane frå dei kulturradikale forfattarane med tekstane frå realismen. Du skal bruke konkrete døme, gjerne sitat, i teksten din.

Det er viktig at du reflekterer over, og viser kunnskap om, konteksten i tekstane i svaret ditt.

Oppgåve 2. Kva for konservative krefter skal de gjere opprør mot?

Finst det ein tilsvarande kulturkamp i dag? Mange har peika på at dagens ungdomsgenerasjon manglar opprørstrong. Dei blir kalla for "Generasjon prestasjon" eller "Generasjon flink". Dei jobbar hardt med skulen, drikk mindre og er gjerne med foreldra. Har dagens ungdom akseptert foreldregenerasjonen sitt syn på verda?

Kanskje tenkjer du at dette ikkje stemmer – du er ikkje einig i dei konservative verdiane til foreldregenerasjonen, og du er stadig i kamp for å endre haldningane deira.

Skriv eit essay eller ein fagartikkel med tittelen "Kven skal vi gjere opprør mot?" der du reflekterer over korleis tida har forandra seg sidan dei kulturradikale forfattarane angreip seksualmoralen, oppdragarstilen og kristendommen på 30-talet. Peik også på eventuelle likskapstrekk du ser.

Det er viktig at du reflekterer over, og viser kunnskap om, korleis synet på sex, kristendom og oppseding har forandra seg sidan 30-talet. Bruk sitat frå konkrete tekstar frå til dømes Arnulf Øverland, Sigurd Hoel og Aksel Sandemose for å få til dette.

Tre elevar sit rundt eit bord med pc-ar og pratar ivrig. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Kan dagens generasjon eigentleg forstå Jens Bjørneboes tekst "Om formyndermennesket"? Eller har de ikkje nokon å gjere opprør mot lengre?

Realismen er både ein litterær epoke og ein skrivestil.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 29.11.2021

Læringsressursar

Realistisk litteratur i Noreg 1900–1945