Hopp til innhald

Fagstoff

Kulturdebatten i Noreg på 30-talet

Kulturlivet på 1930-talet var prega av kampen mellom dei radikale og dei konservative. Dei radikale sette spørsmål ved om den strenge moralen i samfunnet var rett for mennesket, medan dei konservative forsvarte den gjeldande moralen. Denne debatten viste seg også i litteraturen.
Arnulf Øverland på talarstolen. Mann med briller, bart, dress og slips. Han snakkar i ein mikrofon og står på ein talarstol. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du les denne teksten

Denne teksten kjem til å handle om korleis delar av samfunnet på 30-talet var ueinige om

  1. oppseding

  2. seksualmoral

  3. påverknaden til kristendommen på individet

Kva for ulike syn på desse tre felta trur de eksisterte i Noreg på 30-talet? Diskuter i grupper.

Bakgrunn

"Kulturdebatten" eller "Kulturkampen" er namnet på ein strid mellom radikale og konservative på 30-talet. Å vere radikal betyr å ønskje store forandringar i samfunnet, medan det å vere konservativ betyr å vilje verne samfunnet. Striden mellom dei radikale og dei konservative på 30-talet gjekk føre seg i skjønnlitteraturen, i tidsskrift og i avisene.

Psykoanalysen

Eit portrett av Sigmund Freud med sigar. Foto.

Vi kan peike på to viktige årsaker til kulturkampen i 30-åra: For det første fekk psykologen Sigmund Freuds teori, psykoanalysen, stor innverknad på dei radikale. Mange av dei radikale var forfattarar, og dei brukte Freuds teoriar i bøkene sine. Dei angreip autoritære haldningar i samfunnet, som dei meinte undertrykte individet. Men dei møtte motstand frå både prestar og konservative forfattarar.

Fascisme og nazisme

For det andre fekk ideologiane fascisme og nazisme stor innverknad i Europa på 20- og 30-talet. Russland hadde gått gjennom ein kommunistisk revolusjon som skremde mange konservative. Men i Noreg var mange av forfattarane kommunistiske og positive til Russlands nye styresett. I Tyskland og Italia tok fascistar makta. Kommunismen var erkefienden til fascistane, og dei brukte propaganda for å angripe ideologien. Fascistane si herleggjering av vald, og særleg det rasistiske menneskesynet til nazismen, skremde mange norske forfattarar.

Benito Mussolini og Adolf Hitler passerer barn som gir nazi-helsing i Berlin, 2. juli 1940. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Angrepet på oppsedinga

Mange av dei radikale forfattarane skreiv bøker der handlinga var lagt til barndommen. Årsaka var at dei ville vise kor viktig oppvekst og oppseding var for mennesket si utvikling. Her viste Freuds psykoanalytiske teoriar seg i litteraturen. Ein teori opphavleg utvikla av Freud hevdar at barndommen er avgjerande for mennesket si utvikling. Freud peika mellom anna på at for autoritær oppseding kunne føre til både seksualangst og nevrosar. Fleire av dei norske forfattarane ønskte å vise at fridom og frigjering frå autoritetane var vegen å gå for å skape harmoniske menneske.

Ein katt ligg på ein divan. Han seier: "Eg blei skild frå mor mi som kattunge!" Ein psykolog sit bak katten, lyttar og noterer. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hoel og Sandemose

Mest kjend er nok Sigurd Hoels barndomsskildring av guten Anders i Veien til verdens ende og Aksel Sandemoses oppvekstroman En flyktning krysser sitt spor. Det er i sistnemnde roman den velkjende jantelova er formulert. Lova er eit ironisk angrep på dei usynlege reglane som gjeld i småbyen Jante, der karakteren Espen Arnakke veks opp:

  1. Du skal ikke tro at du er noe.

  2. Du skal ikke tro at du er like så meget som oss.

  3. Du skal ikke tro du er klokere enn oss.

  4. Du skal ikke innbille deg du er bedre enn oss.

  5. Du skal ikke tro du vet mere enn oss.

  6. Du skal ikke tro du er mere enn oss.

  7. Du skal ikke tro at du duger til noe.

  8. Du skal ikke le av oss.

  9. Du skal ikke tro at noen bryr seg om deg.

  10. Du skal ikke tro at du kan lære oss noe.

(Sandemose, 1972/1933)

Angrepet på seksualmoralen

Portrett av Sigurd Hoel. Foto.

Eit anna angrepsmål for dei radikale forfattarane var den kristne moralen, som dei meinte gjennomsyra det norske samfunnet. Dei meinte at pietismen og fordømminga av den naturlege seksualiteten medverka til ufridom og ei usunn fordømming av det som var normalt. I verste fall kunne den strenge moralen føre til nevrosar og psykisk sjukdom.

Velkjend er Sigurd Hoels roman Syndere i sommersol om åtte frigjorde ungdommar som dreg på sommarferie saman. Opningsreplikk i romanen er så avgjort eit angrep på den gjeldande moralen:

Du er en selvbedrager og tilhører som sådan den forrige generasjon. (Hoel, 1927)

Boka forarga dei konservative og blei til og med angripen frå preikestolane i Noregs kyrkjer.

Angrepet på kristendommen

I tillegg til barneoppsedinga og seksualmoralen angreip dei radikale moralen i kristendommen, som dei meinte gjennomsyra det norske samfunnet.

Særleg sterk i fordømminga si var forfattaren Arnulf Øverland, som i essayet "Kristendommen, den tiende landeplage" harselerte så skarpt med kristendommen, at han blei meld for blasfemi.

Herregud, vil man si, nu er der jo allikevel ingen, som for alvor tror på dette håpløse visvas. Vi får i himmelens navn la prestene holde på med det; men vi kan ikke gi oss til å diskutere sånt noe. - Dessuten, hvad tjener det til? Man kan ikke appellere til noen fornuft hos den troende. Alle argumenter preller av på den kristne som vann på gåsen. Dumheten er udødelig.

Øverland, 1933

Forsvaret frå dei konservative

Dei radikale forfattarane fekk ikkje herje fritt. Ei rekkje konservative samfunnsdebattantar meinte at litteraturen dei radikale forfattarane gav ut, var både seksualisert og eit angrep på kristne grunnverdiar. Debattane gjekk føre seg særleg i aviser og tidsskrift.

Fleire av dei radikale forfattarane, som til dømes Arnulf Øverland og Sigurd Hoel, hadde organisert seg i det marxistiske tidsskriftet Mot dag, medan ein del konservative meiningsytrarar skreiv i Vor verda. Teologen Ole Hallesby melde Øverland for blasfemi, og presten Eivind Berggrav hamna i strid med Sigurd Hoel.

Diskuter:

Vil de seie at Noreg i dag er prega av ueinigheit mellom konservative og radikale på nokon måtar? Eller lever vi i eit konsensus-samfunn der vi er einige om kva som skal vere den gjeldande moralen?

Kjelder

Hoel, S. (1927). Syndere i sommersol. Oslo: Gyldendal.

Sandemose A. (1972). En flyktning krysser sitt spor. Oslo: Den norske bokklubben. (Opphavleg gitt ut i 1933) Henta frå https://www.nb.no/items/a59075ba12afea79cc915c3e61a4b4a0?page=7&searchText=%22Janteloven%22

Øverland, A. (1933). Kristendommen, den tiende landeplage. Henta frå http://virksommeord.no/tale/387/

Relatert innhald

Spelefilm frå 1999 basert på romanen "En sjømann går i land" av Aksel Sandemose. Filmen er regissert av Nils Gaup.

Prøv deg som psykoanalytisk detektiv. Klarer du å løyse mordgåta i Jante ved hjelp av Freuds teoriar?

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 26.11.2021

Læringsressursar

Realistisk litteratur i Noreg 1900–1945