Del 1: "Til ungdommen" framført av Dagny
Lytt til Dagny si framføring av diktet "Til ungdommen" på NRK (frå 48:32). Det blei framført ved minnegudstenesta 10 år etter terrortragedien 22. juli 2011.
Skriv ned etter å ha lytta:
Kva kjensler synest du framføringa formidlar?
Kva er førsteinntrykket ditt av teksten? Kva handlar diktet eigentleg om?
Kvifor trur du nettopp denne teksten blei trøysta i nasjonen etter 22. juli?
Del 2: "Til ungdommen" lese opp av Jack Fjeldstad
Lytt til opplesnaden av Jack Fjeldstad frå 1949 (under). Skriv medan du lyttar:
Kva kjensler og stemningar meiner du denne opplesnaden formidlar?
Fekk denne opplesnaden deg til å oppfatte innhald og tema i diktet annleis enn då Dagny framførte versjonen sin? I så fall – kvifor?
Kva meiner du er tema og bodskap i diktet?
Samanlikn svara dine med svara til ein annan elev i klassen.
Del 3: Kontekst: mellomkrigstida
Nordahl Grieg var kommunist og ein sterk motstandar av fascismen. Det var frammarsjen til denne ideologien på 30-talet som inspirerte han til å skrive diktet "Til ungdommen".
Diskuter i grupper
Kva veit de om
fascisme
Hitlers maktovertaking
Mussolinis maktovertaking
Franco og den spanske borgarkrigen
Jobb åleine
Var det nokon av punkta de visste lite om? Les dei to kjeldene under for å få betre kunnskap om den konteksten Griegs dikt kom ut i:
Filer
Del 4: I djupna på diktet
Relatert innhald
Ha teksten til "Til ungdommen" framfor deg. No skal du gå i djupna på diktet for å gjere deg opp ei meining om kva som er bodskapen i diktet, og korleis Nordahl Grieg formidlar denne bodskapen.
Tema og bodskap
Les diktet endå ein gong og formuler det du meiner er tema og bodskap.
Diskuter det du har skrive med ein annan elev og sjekk om de er einige.
Strek under verselinjer som du meiner særleg godt får fram bodskapen i teksten.
Diskuter med ein medelev kva konteksten dikta kom ut i, kan ha å seie for tema og bodskap i diktet.
Verkemiddel
Diskuter dette spørsmålet med ein medelev: Det er ein kontrast mellom bodskapen og ordbruken i diktet. Korleis då?
Kva for andre verkemiddel synest du framhevar bodskapen? Prøv å markere verselinjer og bruke fagomgrep når du svarer.
Litt hjelp på vegen?
Her er nokre fagomgrep som kan vere aktuelle å bruke som svar på oppgåva om verkemiddel:
verdiladde ord
direkte førespurnad
enderim
fast rytme
bokstavrim
Del 5: Kontekst
Diskuter i grupper: Kvifor trur de nettopp dette diktet blei sunge etter 22. juli? De bør komme inn på
Anders Behring Breiviks ideologi
kven som var offera for terroren
kva tradisjonar teksten "Til ungdommen" hadde for AUF på Utøya
Viss de merkar at de har lite kunnskapar om nokon av spørsmåla, kan de lese kjeldene under:
22. juli-senteret: Samtalen om 22. juli – Ungdomsengasjementet
Aftenposten: Ekspert mener Behring Breiviks ideologi er fascistisk
Del 6: Skriv eit avsnitt der du samanliknar eit verkemiddel i dikta
No skal du øve deg på å skrive eit samanlikningsavsnitt. Oppgåva lyder slik:
Skriv eit avsnitt der du samanliknar bruken av verdiladde ord i "Til ungdommen" og "Du må ikke sove".
Bruk presentasjonen under som hjelp til å skrive avsnittet. Her finn du både modelltekst og tips.