Hopp til innhald

Fagstoff

Kamplyrikk

Dikt hadde ei spesiell stilling før og under krigen. Tradisjonelle dikt med ein fast rytme blei skrivne for å åtvare mot fascismen og motivere nordmenn til å halde motet oppe.
Hus under bygging i 1947. Ei dame står og betraktar oppreisinga av hus. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei vanskelege 30-åra

30-talet var eit vanskeleg tiår for mange. Det starta med økonomisk nedgang i heile Europa, arbeidsløyse og tvangsauksjonar, heldt fram med at Hitler tok makta i Tyskland og avslutta med utbrotet av andre verdskrigen.

Europa splitta i to – fascisme og kommunisme

Benito Mussolini og Adolf Hitler køyrer saman i ein open bil i Munchen i 1940. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På 30-talet var Europa splitta i to. Nazisten Hitler tok makta i Tyskland i 1933, men då han blei eineveldig Führer, hadde allereie ein annan fascist fått grepet om Italia ti år tidlegare, nemleg Mussolini. I 1939 var det nasjonalisten Franco som tok styringa i Spania. På den andre sida var det kommunistiske Sovjet. Både Mussolini, Hitler og Franco var antikommunistar og frykta ein arbeidarrevolusjon. Det var særleg denne konflikten to av Noregs mest kjende diktarar, Nordahl Grieg og Arnulf Øverland, engasjerte seg i.

Arnulf Øverland og Nordahl Grieg

Portrett av Nordahl Grieg. Foto.

Både Arnulf Øverland og Nordahl Grieg var kommunistar og er to av dei mest kjende kamplyrikarane våre. Dei åtvara mot den militære trusselen frå dei autoritære fascistiske og nasjonalistiske statane. Nordahl Grieg kjempa mot Franco i den spanske borgarkrigen, og Arnulf Øverland hamna i tysk konsentrasjonsleir for motstandsdiktinga si.

"Du må ikke sove" og "Til ungdommen"

Begge diktarane var framsynte og varsla om den faren som trua Europa på slutten av 30-talet. Arnulf Øverlands dikt "Du må ikke sove" frå Den raude front (1937) åtvarar mot trusselen frå høgresida og nemner Hitler ved namn. Omtrent samtidig (1936) skreiv Nordahl Grieg diktet "Til ungdommen". Akkurat som Øverland åtvarar han mot fascismen og den trusselen ideologien utgjer for menneska i det frie Europa.

Den tradisjonelle forma

Kamplyrikken hadde ofte enderim, fast rytme og var strofisk. Dette gjorde dikta lettare å hugse, og bodskapen kom tydeleg fram når dikta blei lesne høgt.

Sjå til dømes på utdraget frå diktet "Du må ikke sove" av Arnulf Øverland under. Her kjem bodskapen om at du må handle og ikkje vere passiv fram ved direkte førespurnad til lesaren/lyttaren og trykk på det siste ordet i verselinja. Prøv gjerne å lese strofa høgt for å leggje ekstra godt merke til effekten av den tradisjonelle forma.

Du må ikke sitte trygt i ditt hjem
og si: Det er sørgelig, stakkars dem!
Du må ikke tåle så inderlig vel
den urett som ikke rammer dig selv!
(Øverland, 1937)

22. juli og "Til ungdommen"

Kan kamplyrikk vere aktuell no som krigen er over? Ja, etter 22. juli blei Nordahl Griegs "Til ungdommen" sunge ved fleire høve. AUF hadde som fast innslag å syngje diktet då dei samla seg på Utøya. For mange blei songen ei trøyst i tida etter at Anders Behring Breivik hadde drepe uskyldige på øya.

Relatert innhald

Roser i folkehavet. Hender som løftar roser i mange forskjellige fargar.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Inger Hagerup

De brente våre gårder.
De drepte våre menn.
La våre hjerter hamre
det om og om igjen.
(Hagerup, 1991/1941, s. 85)

Bygningar brenn, og det er soldatar langs vegen. Flammar kan sjåast i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Denne kjende strofa frå Inger Hagerups "Aust-Vågøy" er kanskje det aller mest kjende diktet frå andre verdskrigen. I biografien om Inger Hagerup, skriven av sonen Klaus, seier han at Inger Hagerup skreiv diktet på ti minutt, rasande etter å ha høyrt om korleis tyskarane bomba Nord-Noreg i 1941. På den tida var ho framleis ganske ukjend, og ho blei svært overraska då ho ein kveld høyrde sitt eige dikt lese opp på radio frå London (Hagerup, 1991, s. 84). Sidan har diktet blitt sjølve symbolet på motstandskampen mot tyskarane.

Tradisjonelle kampdikt – ein æra som er over?

I dag blir det nesten ikkje gitt ut tradisjonelle dikt lenger. Unntaket er songlyrikken, der rim og fast rytme stadig blir brukt. Men betyr det at den tradisjonelle lyrikken ikkje lenger har noka framtid i Noreg?

Den plassen tradisjonelle dikt hadde etter 22. juli, viser oss at dikt med fast rim, rytme og ein klar bodskap særleg blir aktuelle i krisetider. Slike dikt går til hjarterota, og dei uttrykkjer kjensler det er vanskeleg for oss å setje ord på.

Kjelder

Hagerup, I. (1991). "Aust-Vågøy". Henta frå K. Hagerups Alt er så nær meg: om Inger Hagerup. (Diktet er skrive i 1941). Oslo: Aschehoug.

Hagerup, K. (1991). Alt er så nær meg: om Inger Hagerup. Oslo: Aschehoug.

Øverland, A. (1937). "Du må ikke sove" i Den røde Front. Oslo: Tiden norsk forlag.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 29.11.2021

Læringsressursar

Realistisk litteratur i Noreg 1900–1945