Les Markens grøde med ulike briller
Sjå den korte videoen om å lese med ulike briller (over). Diskuter deretter:
Kva kan det bety å lese ein roman sympatisk og bruke historisk-biografisk metode?
Kva kan det bety å lese ein roman kritisk?
Vi skal starte med "sympatisk lesemåte" med historisk-biografiske lesebriller. Det vil seie at vi skal utforske Hamsuns liv for å finne ut kva som kan vere bakgrunnen for at han skreiv Markens grøde.
Steg 1. Forventningar
Les utdraget frå Markens grøde under og sjå på bokomslaget til høgre. Utdraget er frå opninga av romanen, medan illustrasjonen er frå ei utgåve av boka som kom ut i 1952. Diskuter deretter i grupper kva inntrykk de får av kva romanen kjem til å handle om.
Den lange, lange sti over myrene og inn i skogene hvem har trakket opp den? Mannen, mennesket, den første som var her. Det var ingen sti før ham. Siden fulgte et og annet dyr de svake spor over moer og myrer og gjorde dem tydeligere, og siden igjen begynte en og annen lapp å snuse stien opp og gå den når han skulle fra fjell til fjell og se til sin ren. Slik ble stien til gjennom den store almenning som ingen eiet, det herreløse land.
Steg 2. Reisa til Kaukasus og sivilisasjonskritikk
Kva skjedde i livet til Knut Hamsun før han gav ut Markens grøde? Dette må vi utforske om vi skal lese historisk-biografisk.
Sjå episode 2 av Gudommelig galskap. Du kan anten sjå heile episoden, som handlar om Hamsuns liv frå utgivinga av Sult til utgivinga av Markens grøde, eller du kan sjå frå 26:25 til slutten. Det er denne delen som handlar om bakgrunnen for at Hamsun byrja å skrive sivilisasjonskritiske romanar.
Diskuter desse spørsmåla i grupper etter at de har sett episoden:
Kva inntrykk får de av Knut Hamsun etter å ha sett Guddommelig galskap?
Kvifor blei Knut Hamsun så begeistra for landa i Kaukasus på reisa si?
Kva mislikte Hamsun med Vesten generelt og Amerika spesielt?
Kva blei Hamsuns nye ideal etter han vende tilbake til Noreg frå Kaukasus?
Steg 3. Vi les utdrag frå Markens grøde
No skal de lese kapittel 1 og 2 i Markens grøde. Vel eitt av alternativa under:
Alle i klassen les inni seg. Les i 45 minutt. Det gjer ingenting om de ikkje les like mykje. Det viktigaste er at de får eit inntrykk av livet til Isak og Inger i romanen.
Læraren eller fleire elevar les dei to første kapitla høgt.
Arbeid med desse spørsmåla åleine etter at det har lese:
Korleis synest du forholdet mellom menneske og natur blir framstilt i romanen? Grunngi og finn minst eitt sitat som du meiner er relevant i svaret ditt.
Kva eigenskapar har Isak og Inger som blir framheva som ideal, meiner du? Vis med sitat.
Kva eigenskapar har Isak og Inger ikkje? Meiner du desse manglande eigenskapane blir skildra som ein brest i karakteren deira? Grunngi svaret ved å vise til eit sitat.
Samanlikn det du har lese med opplysningane du fekk om Hamsuns reise i Kaukasus. Er det trekk frå Hamsuns biografi her som kan forklare kvifor første del av Markens grøde er som han er? Forklar.
Steg 4. Diskuter i grupper
Samanlikn og diskuter svara dykkar i grupper.
Samanfatt: Kva ideal meiner de Hamsun fremja i romanen? Og kva ønskjer han å fortelje lesaren sin med denne romanen?
Hamsun skreiv Markens grøde i ei stormfull tid. Første verdskrigen herja, og Noreg gjekk gjennom ein kraftig moderniseringsprosess. Kan de forstå Hamsuns idyllisering av ein mann som trekkjer seg tilbake frå sivilisasjonen med dette som bakteppe?
No skal vi over til å lese romanen kritisk. I tillegg til det de allereie har lese, skal de lese utdrag frå andre kapittel i boka.
Relatert innhald
Steg 1.
Lytt til podkasten "Kva er greia med Hamsun?" med litteraturforskar Giuliano D'Amico. Diskuter deretter i grupper: Kvifor synest D'Amico at det er så viktig at vi les kritisk?
Diskuter utdraget de nettopp har lese kritisk. De kan til dømes ta utgangspunkt i desse spørsmåla:
Er Isaks tilbaketrekking frå sivilisasjonen verkeleg eit ideal-liv?
Er forholdet mellom Isak og Inger eit godt forhold?
Korleis prøver Knut Hamsun å overtyde lesarane (de) om at naturen og sjølvberging er framtida heller enn å bu i byen?
Steg 2. Fleire utdrag frå boka
Staute og tause Isak som dyrkar jorda med den sterke kroppen sin kan verke som eit harmlaust ideal. Men fleire passasjar i romanen kan vise at Hamsuns menneskesyn ikkje var heilt harmlaust. Delar av romanen omtaler "lappane" (samar).
Les utdraga frå romanen under og diskuter i grupper:
Kva slags menneskesyn viser desse utdraga?
Er Hamsuns menneskesyn farleg, meiner de? Grunngi svaret.
Kva var fornorskingspolitikken? Kan Hamsuns omtaler av samar (som han kallar "lappar") bli forklart i den konteksten?
Skriv ein tekst på ca. 500–700 ord. Teksten skal innehalde desse momenta:
ei innleiing som presenterer romanen
eit avsnitt om bakteppet for Markens grøde (reisa til Kaukasus, modernisering og første verdskrigen)
eit avsnitt om Markens grøde lest sympatisk med historisk-biografisk metode
eit avsnitt om Markens grøde lest kritisk
Dei siste åra har både dyrking av grønsaker og sjølvberging blitt ein trend. Sjå første episode av Ida og Martin på Nøtholmen på NRK.
Diskuter deretter:
Kvifor trur de tanken om sjølvberging og det å fjerne seg frå sivilisasjonen kan vere eit ideal både på starten av 1900-talet og i dag?
Trur de at de kjem til å gjennomføre vaksenlivet med dyrking, sjølvberging og naturliv? Eller ser de på dykk sjølv som typiske sivilisasjonsmenneske?