Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Andre og tredje handling i Peer Gynt

I denne oppgåva kan de velje om de vil sjå ei dramatisering av Peer Gynt eller dramatisere sjølv. Andre og tredje handling i Peer Gynt handlar i stor grad om Peer Gynts forhold til kvinner. Dessutan er han ein liten tur innom Dovregubbens hall.

Del 1: Sjå eller dramatiser

Vel eitt av alternativa under.

Alternativ 1. Sjå dramatisering

Sjå Fjernsynteateret si dramatisering av Peer Gynt over. Andre og tredje handling går frå 45:55 (Peer og Ingrid etter bruderovet) og ut filmen (Mor Åses død).

Alternativ 2. Dramatiser sjølv

Dramatiser fem sentrale scenar frå andre og tredje handling. Gå saman i par i scenar der det berre er to roller og i grupper viss scenen har fleire.

De skal øve på eige rom og vise dramatiseringa fram framfor klassen etterpå. Vis fram i den rekkjefølgja scenane står i.

  • Scene 1. Peer dumpar Ingrid med Peer og Ingrid

  • Scene 2. Den grønkledde med Peer og Den grønkledde

  • Scene 3. I Dovregubbens hall med Peer, Dovregubben og ei rekkje troll. (Spel gjerne Dovregubbens hall av Edvard Grieg medan de framfører.)

  • Scene 4. Bøjgen med Peer og Bøjgen (og fugleskrik)

  • Scene 5. Møte med Solveig igjen med Peer, Solveig og Helga


Filer

Del 2: Diskuter i grupper

Frå andre og tredje handling stammar mange av dei mest berømte sitata frå Peer Gynt. Men kva betyr dei eigentleg? Diskuter kva utdraga under skal seie om Peer, personlegdommen hans og forholdet hans til andre menneske:

Sitat 1. Peer og Ingrid

Peer Gynt: Djevlen står i alt, som minner!
Djevlen står i alle kvinner,--
uten en-!
Ingrid: Hvem er den ene?
Peer Gynt: Ikke deg.

Peer Gynt, Dovregubben med krone og ei rekkje småtroll som ler. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sitat 2. Dovregubben

Dovregubben: Sant nok; vi er ens i det og mer.
Men morgen er morgen og kveld er kveld,
så forskjell blir det nu like vel.-
Nu skal du høre hva det er for noe:
Der ute, under det skinnende hvelv,
mellom menn det heter: "Mann, vær deg selv!"
Her inne hos oss mellom trollenes flokk
det heter: "Troll, vær deg selv-nok!"

Sitat 3. Bøjgen

Peer Gynt: Gi svar! Hvem er du?
Stemmen: Meg selv
Peer Gynt: Av veien!
Stemmen: Gå utenom, Peer! Den er stor nok, heien.
Peer Gynt: (vil igjennom på et annet sted, men støter imot).
Hvem er du?
Stemmen: Meg selv. Kan du si det samme?

Del 3: Løyndommen bak Peer Gynt

Sjå programmet "Hemmeligheten bak Peer Gynt" frå 26:00 til 43:10. Bruk det du lærer her til neste skriveoppgåve.

Del 4: Skriv aleine

Skriv i 15 minutt. Svar på desse tre spørsmåla:

  1. Korleis er Peer Gynt? Skriv ein personkarakteristikk av han.

  2. Kva er ditt foreløpige inntrykk av stykket? Kva meiner du Henrik Ibsen vil fortelje lesaren sin med dramaet?

  3. Synest du teksten er relevant i dag? Begrunn svaret ditt.

Del 5: Del med klassen

Del no det de skreiv i del 4 med resten av klassen. Det er mange måtar å gjere det på. Vel eitt av alternativa under. Det viktigaste er at alle skal lese alt dei andre i klassen har skrive. Vel sjølv om du vil at teksten din skal vere anonym, eller om du vil ha namnet ditt på han.

Her er nokre alternativ:

  • Lever inn tekstane dykkar til læraren. Be hen lage eit hefte som blir delte ut i neste time. Her kan de lese kvarandre sine tekstar.

  • Alle lastar tekstane sine opp på skulen si læringsplattform. Deretter les de gjennom kvarandre sine tolkingar og kommenterer om de synest nokon har skrive noko interessant.

  • Lim tekstane dykkar inn i eit samskrivingsdokument. Les gjennom og kommenter det de synest er gode tolkingar.

Relatert innhald

Bli kjend med første handling i Peer Gynt gjennom ein animasjon og ved å framføre sentrale scener frå stykket.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Poetisk realisme