Hopp til innhald

Litterære tekstar

Camilla Colletts liv og forfattarskap

Bli betre kjent med forfattaren og feministen Camilla Collett gjennom tekst og teikneseriestriper.

Barndom i Christianssand

Teikneserie som viser eit kart over Kristiansand og ei pil ned på Dronningensgate. Ei rute viser ein prest som underviser to gutar. Ei jente lyttar. Neste rute viser jenta som drøymer om å gå i tog 17. mai. Siste rute viser at presten gir jenta beskjed om å hjelpe mora på kjøkkenet. Illustrasjon.

Camilla Wergeland blei fødd i Christianssand i 1813. Faren Nicolai kom frå fattige kår, men arbeidde no som lærar på Katedralskolen. Mamma Alette kom frå den svært rike og livlege familien Thaulow.

På denne tida var det berre gutar som fekk skulegang. Camillas brør blei raskt sende bort på skule, mens Camilla og storesøstera var aleine igjen. Men heldigvis såg Alette og Nicolai at Camilla var ei nysgjerrig jente som kunne trenge skulegang. Camilla fekk dermed tre år med skule i Christiania og Christiansfeld i Danmark. På skulane lærte Camilla at også jenter og kvinner kan skrive og delta i samfunnet, sjølv om mange rundt henne meinte at kvinner sin "Bestemmelse er at giftes, ikke at blive lykkelige," som Camilla skriv seinare i Amtmandens Døttre.

Ungdom på Eidsvoll

Teikneseriestripe som viser ung jente som ikkje klarer å sitje i ro når ho skal målast. Eldre kvinne i nedre biletkant kommenterer at ho er tolv-tretten år gammal. Illustrasjon.

Camilla syntest det var kjedeleg å vere ung, for ho kunne jo ikkje leve det livet ho ville. Unge kvinner skulle vente heime til det kom ein mann familien meinte ho burde gifte seg med. Jenter og kvinner skulle helst ikkje gå ut aleine – utan ein bror eller far som anstand.

Camilla fekk ei venninne det eine året ho fekk gå på skule i Christiania – Emilie – og dei skreiv meldingar til kvarandre i raskt tempo: "Er jeg fordømt til at sye Canvas og kjede mig mit hele liv?" skriv Camilla til Emilie. Etter kvart bestemmer Camilla og Emilie seg for å lage sitt eige tidsskrift som dei kallar "Forloren Skildpadde". Dei trur at viss dei skriv og set ord på tankar og kjensler, så kan verda ein gong opne seg for dei, og dei kan vere seg sjølv.

Feministen Camilla

Teikneseriestripe som viser Camilla Collett som går på talarstolen i ein herreklubb. Alle menn rundt er forskrekka og buar på henne. Illustrasjon.

Støtte frå ektemannen

Camilla gifta seg som 28-åring med Jonas Collett, og dei fekk fire barn saman. Camilla opplevde seg likestilt med Jonas, og han oppmoda henne til å skrive og bruke tid på samfunnsdebatten frå sitt eige skriverom.

Det blei dermed Camilla som løfta debatten om at kvinner burde kunne delta i det offentlege samfunnet i 1842 med artikkelen "Nogle Strikketøisbetragtninger". I artikkelen skriv ho ironisk om menn sin haldning til kvinner – at mange menn meiner at kvinner ikkje har noko vettugt å seie.

Vore Herrer! Jordens Førstefødte, Himlens Begunstigede, Løverne her i vor nordlige Zone! (...) Damerne skulle ikke gribe ind i Eders Magt. Vover En af dem end her at udtale sine stumme Tanker, saa skulle disse dog ikke forurolige Eder; de skulle kun surre Eder et Øieblik om Ørene, lig en Sværm forbiflygende Myg.

Nogle Strikketøisbetragtninger, Den Constitutionelle, 1841

I artikkelen legg Camilla grunnlaget for dei seinare tekstane sine om likestilling og forholdet mellom kvinner og menn. Camilla meiner at menn med makt har hovudansvaret for at kvinner skal kunne bli likestilte.

Den første som bruker ordet feminisme på trykk i Noreg

Camilla var først ute, men må vente nokre tiår før desse idéane om likestilling blir diskutert ope. Det er når feministane Fernanda Nissen, Fredrikke Qvam og Gina Krog kjem fram i offentlegheita. I 1877 er Camilla Noregs første kvinne som skriv ordet "feminisme" i verket Fra de Stummes Leir. Derfor seier vi at Camilla Collett er Noregs første feminist.

Camilla som forfattar

Kvinne som skriv med fjørpenn i bok. Fra boka kjem det bobler med bilete av ein flott mann med flosshatt, ei hand som trykkjer ei kvinne ned under vatn, og ei kvinne som sit framfor eit skrivebord. Teikneserieillustrasjon.

Ein allsidig forfattar

Camilla Collett skreiv innanfor fleire ulike sjangrar. Ho skreiv eventyr, romanar, reisebrev og essay. Sjølv om Camilla i ettertid er mest kjend for dei feministiske tekstane sine, skreiv ho om alt frå keisemd og forelsking til sjukdom og naturvern.

Dei tidlegaste tekstane vi kjenner til frå hennar hand, er brevvekslinga Camilla hadde med venninna si, Emilie Diriks. I breva kan vi lese skildringar om eit svært avgrensa og ufritt liv, som mange kvinner i dag som lever i strenge og patriarkalske samfunn, kan kjenne seg igjen i.

Karakterar basert på kjende personar

Camilla brukte ofte personar ho hadde møtt i verkelegheita som utgangspunkt for karakterar i romanane sine. Ein figur som Camilla beskriv både i romanen Amtmandens Døttre og i essay, er "dandyen", ein figur vi i dag kanskje ville kalle ein "player". Camilla skriv om Georg Kold. Han er ein vakker, men litt usikker fyr, som ikkje tør å satse på kjærleiken til Sofie Ramm. Det er ikkje utenkjeleg at det er forfattaren Johan Sebastian Welhaven som er modell for Georg Kold.

Camilla bruker òg storesøstera Augusta sitt arrangerte ekteskap som eit viktig motiv i romanen. Eit av hovudpoenga til Collett er at eit ekteskap berre bør vere eit likestilt partnarskap, bygd frivillig mellom to personar som elskar kvarandre. Romanen blir kalla ein tendensroman og blir rekna som Noregs første moderne roman fordi han sette problem under debatt. Romanen blei ein stor suksess, og han blir lesen og også debattert i vår tid.

Inspirert av eventyra

Camilla skreiv òg ned eventyr ho hadde lært av barnejenta si, Lisbeth Marie Sandmark, og ho samarbeidde om nedskriving av eventyr med Asbjørnsen og Moe. Camilla identifiserte seg med hovudpersonen i eventyret "Kjerringa mot Strømmen" og skriv om dette i essaysamlinga Mod Strømmen frå 1879.

Mod Strømmen! Kjærringa mod Strømmen heder det paa godt Norsk. Aaja, hvorfor ikke Kjærringa mod Strømmen! Vi har et kosteligt gammelt Folkesagn betitlet saa. En sand Verdensallegori, en af de dybsindigste skjules deri (…) Kjærringa mod Strømmen, der heller gaar under end opgiver sin Overbevisning.

Europearen Camilla

Eldre dame som snakkar. I boblene står det tankar om kva ho har oppnådd i livet som forfattar. Illustrasjon.

Når Camilla er 38 år, døyr mannen Jonas, og ho sit aleine igjen med fire små barn. Ho mistar vener og får svært dårleg økonomi. Men Camilla gjer noko uventa. Ho sel huset sitt, set bort to av barna, tek med seg sønene Alf og Oscar og reiser til København. Der skriv ho første del av Noregs første moderne roman: Amtmandens Døttre, som blir gitt ut i to delar i 1854 og 1854.

Den nysgjerrige Camilla

Det er ikkje så lett å få trykt eller gitt ut bøker på 1800-talet, men Camilla gir seg ikkje og får gitt ut fleire essaysamlingar. Etter at Jonas døyr, har aldri Camilla nokon fast bustad, men reiser rundt i europeiske storbyar og sel artiklar derfrå til norske aviser og tidsskrift. Camilla elskar å gå på kunstutstillingar, ho følgjer med på trendar og i motebiletet og skriv artiklar om dette. Ho reiser med nye oppfinningar som damplokomotiv, dampskip og hydrauliske heismaskinar, og ho skriv heim om det som skjer i eit industrialisert Europa.

Den tvilande Camilla

Camilla har stunder der ho kjenner seg skikkeleg mislykka og liten, men ho klarer òg å finne gleda med å leve og skriv: "Det er denne Evne til at kunne give Glæden Rum, denne Sindets velsignede Elasticitet."

Den feira Camilla

Når Camilla fyller 80 år, blir ho feira av heile Christiania med fakkeltog og fest, med forfattarkollegaen Henrik Ibsen ved si side. Og er det noko Camilla er glad i, er det fest. Ho døyr 83 år gammal i 1895.

Camillas ettermæle

Camilla delte, levde og klarte å endre verda mot alle odds. I dag kan du sjå statuar av henne i Oslo, på Eidsvoll og i Kristiansand. Framleis er ikkje alt Camilla skreiv transkribert og gitt ut av Nasjonalbiblioteket, men på bokhylla.no blir det sleppt nye brev og skrifter litt etter litt.

Begrenset brukSkrive av Birgitte Kleivset og Ronny Haugeland. Rettshavarar: Birgitte Kleivset og Ronny Haugeland
Sist fagleg oppdatert 22.03.2022

Læringsressursar

Poetisk realisme