Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fjerde handling i Peer Gynt

I fjerde handling i Peer Gynt skjer det mykje. Peer er ein storskrytar, så her skal de vise fram dei spennande reisene hans slik moderne eventyrarar gjer – på Instagram.

Del 1: Bli kjend med handlinga

Sjå kortversjonen av andre handling i animasjonen over.

Del 2: Lag ei Instagram-historie

Del klassen inn i fem grupper. Les attforteljinga under med nokre sentrale scener frå fjerde handling.

Filer

  1. Korleis ville ein moderne Peer Gynt fortalt om reisene sine og suksessar om han levde i dag? Sjølvsagt i sosiale medium. Framstill fjerde handling gjennom ei "Instagram-historie".

    De treng ikkje gå inn på Instagram eller publisere noko på plattforma, men de skal lage ein samansett tekst med tekst og bilete som etterliknar måten vi bruker sosiale medium på i dag. Det går òg an å lage små videoar. Kanskje kan de gjere litt narr av korleis vi skryter (snikskryt?) på sosiale medium i den samansette teksten?

  2. Alle gruppene viser fram arbeidet sitt og forklarer kvifor dei tok dei vala dei gjorde.

Del 3: Løyndommen bak Peer Gynt

Sjå "Hemmeligheten bak Peer Gynt " frå 43:10–51:04.

  1. Kvifor samanliknar Reidar Christensen Peer Gynt med Donald Trump?

  2. Og kvifor trur Ninja Benneche at Ibsen blei inspirert av Napoleon då han skapte karakteren Peer? Kva moment trekkjer ho fram for å overtyde Ivo de Figueiredo?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Poetisk realisme