Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Femte handling i Peer Gynt

I femte handling vender ein resignert og gammal Peer tilbake til Gudbrandsdalen etter å ha reist rundt i verda. Her møter vi igjen mange av karakterane frå andre og tredje akt. Og ved ei hytte sit Solveig framleis og ventar på han.

Del 1: Peer på båten

Femte akt startar med at Peer er på ein båt på veg heim til Noreg. Her møter han kapteinen, og dei snakkar om livet og det å vende heim.

Filer

  1. Les scena høgt i klassen. Ein er Peer og ein er kapteinen.

  2. Diskuter i grupper:

    • I kva sinnsstemning vender Peer tilbake? Grunngi ved å peike på sitat frå teksten.

    • Kva viser samtalen med kapteinen at Peer saknar i livet sitt?

    • Kva replikkar viser at Peer ikkje har forandra seg?

Del 2: Laukscenen

Til denne scenen kan de gjerne ha ein lauk, eller noko som liknar på ein lauk.

Filer

  • To frivillige melder seg. Ein skal spele Peer og ein annan Solveig. Dei frivillige får 20 minutt til å øve på scenen ute av klasserommet.

  • Medan desse øver, skal resten av klassen lese scenen inni seg og deretter diskutere korleis dei tolkar han i plenum.

  • Dei to frivillige kjem inn og framfører løkscenen.

  • Dei to frivillige fortel korleis dei tolkar scenen.

  • Klassen fortel om tolkinga si.

Del 3: Avslutninga av stykket

Vel om de vil sjå Fjernsynsteateret si filmatisering av stykket (under) eller framføre sentrale scener frå slutten av stykket sjølv.

Alternativ 1. Sjå resten av stykket

Om de går inn på tidspunktet 01:32 i filmen under, kjem de inn på slutten av løkscenen. Sjå resten av Peer Gynt.

Alternativ 2. Spel fire sentrale scener

Dramatiser fire sentrale scener frå siste akt. Viss heile klassen ønskjer å delta i dramatiseringa, kan fleire grupper ta same scene. Viss nokon vil sleppe å vere med på å dramatisere, kan dei lese scenen i par for seg sjølv.

  • Scene 1: Knappestøyparen. To roller: Peer Gynt og Knappestøyparen.

  • Scene 2: Gjensyn med Dovregubben. To roller: Peer Gynt og Dovregubben.

  • Scene 3: Andre møte med Knappestøyparen. To roller: Peer Gynt og Knappestøyparen.

  • Scene 4: Solveig reddar Peer frå Knappestøyparen. Tre roller: Peer Gynt, Solveig og Knappestøyparen.

Filer

Del 4: Diskuter i grupper

Under ser de nokre sentrale sitat frå siste handling. Diskuter kva betyding dei har for korleis du tolkar temaet i dramaet og karakteren Peer:

Del 5: Løyndommen bak Peer Gynt

  1. Sjå "Hemmeligheten bak Peer Gynt". Frå 52:14 blir femte handling behandla.

  2. I tillegg bør du sjå Før teppet går opp på Det Norske Teateret, også det på NRK. Her snakkar publikum og skodespelarar om kven knappestøyparen kan vere, og kva det vil seie "å vere seg sjølv".

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Poetisk realisme