Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Teikn ein forfattarskap

Vel deg ein forfattar og lag ein samansett tekst der du framstiller forfattarskapen med tekst og illustrasjonar. Bruk teikneserien om Camilla Collett som inspirasjon.
Teikneseriestripe som viser Camilla Collett som går på talarstolen i ein herreklubb. Alle menn rundt er forskrekka og buer på henne. Illustrasjon.

Oppgåve

Oppdraget er å lage ein samansett tekst der du får fram ein forfattarskap, og set forfattaren og teksten inn i kontekst. Du kan velje teknikk, til dømes teikne, slik Ronny Haugeland har gjort over her, eller du kan setje saman foto og tekst i ein kollasj.

Del 1. Sjå nærare på eit døme

  1. Teikneserien over viser noko av livet til Camilla Collett som vaksen. Kva inntrykk får du av forfattaren her? Kva får du vite om henne?

  2. Sjå resten av stripene og teksten som høyrer til, i denne samansette teksten. Korleis utfyller teikneseriestripene og teksten kvarandre?

Relatert innhald

Del 2. Vel deg ein forfattarskap

  1. Vel deg ein avdød forfattar, og gjerne ein du allereie har lese tekstar av, og kjenner litt til frå før.

  2. Lag eit tankekart eller ei anna oversikt der du skriv opp det du veit om forfattaren, tida hen skreiv i, og tematikk som var viktig i tekstane. Du treng også bilete og/eller illustrasjonar som er tidsriktige, så gjer grundig etterforsking i nettsøk.

I filmen under får du eit lite blikk inn i korleis tekstforfattar Birgitte Kleivset og teikneseriekunstnar Ronny Haugeland samarbeidde om teikneseriestripene om Camilla Collett.

Del 3. Lag teikneserien

  1. Vel deg ut kva scener frå livet og forfattarskapen til forfattaren som bør illustrerast for at vi skal bli kjende med hen. Kva tekst kan stå på bileta/illustrasjonane?

  2. Du kan klippe, lime og teikne på papir, eller du kan jobbe i teikneprogram som du har tilgang til gjennom skulen. Det finst også gratis teikneseriegeneratorar som du kan jobbe med direkte i nettlesaren.

Relatert innhald

Del 4. Test ut om teksten din fungerer

  1. Vis teikneserien din til ein medelev. Viss det er mogleg, prøv å ikkje avsløre kva forfattar det er. Klarer hen å gjette rett?

  2. Få medeleven din til å fortelje kva hen lærer om forfattarskapen gjennom å lese teikneserien. Var noko for vagt eller uklart? Omarbeid teikneserien etter innspela du fekk.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2022

Læringsressursar

Poetisk realisme