Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kunsten å overtyde rektor

I denne fiktive oppgåva skal du overtyde rektor om at det er for mykje stress og press på skulen din. Lag ein retorisk appell som får rektor til å lytte!

Når du skal påverke nokon, bør du spele på fleire retoriske appellformer. For å overtale rektor om saka di, skal du lage ein videoappell der du bevisst bruker dei retoriske appellformene etos, logos og patos for å underbyggje argumenta dine.

Kva er ein videoappell?

Ein appell er ein kort og slåande tale som har som mål å overtyde mottakaren.

Dersom vi vil overtyde andre, må vi ikkje berre vite kva vi skal seie. Like viktig er det at vi veit korleis vi bør innleie og avslutte, og korleis vi legg fram argumenta våre i riktig rekkjefølgje. Dette skal du lære meir om i denne oppgåva.

Ein videoappell består av ein skriven og innspelt tale, stillbilete og ulike lydkjelder. Ein videoappell kan forsterke bodskapen din fordi du bruker ulike verkemiddel retorisk for å overtyde mottakaren. Stemmebruk, val av bilete og musikk kan påverke mottakaren i større grad enn ein vanleg tale.

Fire personar roper inn i kvar sin megafon mot ein mann, mannen ser redd eller oppkava ut. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Slik lager du ein videoappell

Skriv først ein tale. Følg denne oppskrifta:

  • Lag ei kort innleiing med forklaring av temaet (stress og press på skulen).
  • I det første avsnittet legg du vekt på å byggje etos (truverd).
  • I det andre avsnittet appellerer du til logos (fornuft).
  • I det tredje avsnittet prøver du å skape patos (kjensler).
  • I det siste avsnittet skal du samanfatte temaet. Avslutt gjerne med eit fengjande poeng!

Gjer lydopptak av talen din

Tenk på korleis du bruker stemma. Forsøk å tilpasse stemmebruken til innhaldet og mottakaren. Dersom du til dømes snakkar for uformelt, kan du miste truverd hos rektor.

Finn passande bilete

Leit etter stillbilete som understrekar det du prøver å formidle i dei ulike delane av talen din. Tenk gjennom kva bilete du bør ha i innleiinga, kva som passar når du vil byggje truverd, og kva for nokre av dei som passar når du vil spele på logos og patos. Du kan hente bilete på nettet eller fotografere sjølv.

Finn passande lydkjelder

Legg til passande musikk og eventuelt andre lydkjelder. Tenk gjennom kva typar lydar som passar til appellen og bileta dine. Tenk gjennom kva kjensler du vil at rektor skal sitje igjen med.

Sjekk dette før visning

  • Klarer eg å verke truverdig?
  • Er bileta med på å forsterke kjenslene eg prøver å vekkje?
  • Har eg med tal eller statistikk som stadfestar bodskapen min?
  • Bidrar val av musikk og lydkjelder til å forsterke det eg vil seie?

Framsyning

Når videoappellen er ferdig, kan du spele han av for klassen. Vel ut eit par av videoappellane til klassen, og inviter rektor til ei framsyning.

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 28.02.2020

Læringsressursar

Innføring i retorikk og argumentasjon