Hopp til innhald

Eigenvurdering

Eigenvurdering: Innføring i retorikk og argumentasjon

Her kan du sjekke kva du no veit om emnet "innføring i retorikk og argumentasjon" Har du fått med deg alt?
Ung mann i kvit t-skjorte som snakkar i ein ropert. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Har du forstått?

Kan du svare ja på alle spørsmåla nedanfor, har du god kjennskap til emnet:

  • Du veit kva retorikk er.
  • Du kan forklare dei tre retoriske appellformene etos, logos og patos.
  • Du kan forklare og gi døme på korleis ulike medieuttrykk bruker etos, logos og patos i kommunikasjonen sin.
  • Du har lært fagomgrep som standpunkt, argument og premiss.
  • Du er medviten på saksargumentasjonen i andre sine medieuttrykk.
  • Du kan velje formålstenlege retoriske verkemiddel og overbevisande argument når du lagar eigne medieuttrykk.

Fagomgrep

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2020

Læringsressursar

Innføring i retorikk og argumentasjon