Hopp til innhald

Fagstoff

Argumentasjon i media

Vil du gjerne nå fram i media? Vil du forstå korleis andre bruker media for å påverke deg med meiningane sine? Då er det nyttig å kunne ein del om argumentasjon.

Alle vil oppnå noko med det dei seier

Det er viktig å vere klar over at dei som argumenterer i det offentlege rommet, gjer det av ein grunn: Dei ønskjer å påverke på eit eller anna vis. Når næringslivsleiaren stiller opp i ein tv-debatt og influenseren publiserer eit innlegg i sosiale medium, har dei begge eit formål med kommunikasjonen sin. Dei vil prøve å overtyde deg om noko.

Viss du vil forstå meir om korleis andre prøver å påverke deg, eller viss du sjølv ønskjer å bruke stemma di i offentlegheita, er det nyttig med kunnskapar om argumentasjon.

Open og skjult argumentasjon

Open eller direkte argumentasjon er den delen av argumentasjonen som er faktabasert og kan etterprøvast. Skjult eller indirekte argumentasjon kallar vi argumentasjon som appellerer til kjenslene og verdiane våre.

Samanliknar vi med omgrepa etos, logos og patos som du kjenner frå retorikken, kan vi seie at open argumentasjon svarer til logos, medan den skjulte argumentasjonen omfattar etos og patos.

Dei som lagar debattshow for tv, vil ha gjester som kan meir enn å argumentere sakleg. Tørre fakta i beste sendetid er ikkje god tv, det vil kjede publikum. Gjestene bør også vere i stand til å appellere (minst) like mykje til kjenslene hos publikum.

Programleiar Fredrik Solvang i aksjon i NRK-programmet "Debatten". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sentrale omgrep

Å argumentere
vil seie å grunngi meiningane sine. Klarer du å forsvare meiningane dine på ein overtydande måte, kan vi seie at du argumenterer godt.
Eit standpunkt
er ei meining om ei sak: "Dyreforsøk bør forbydast."
Eit argument
er ei grunngiving som du bruker for å forsvare meininga di: "Dyr blir plaga og lir ved dyreforsøk."
Ein premiss
er eit faktum eller ein påstand som vi går ut frå at det er allmenn semje om og som derfor ikkje treng noka nærare grunngiving: "Det er gale å plage dyr."

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 03.09.2020

Læringsressursar

Innføring i retorikk og argumentasjon