Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Etos i NRKs Folkeopplysningen

I denne øvinga skal du vurdere truverd i eit klipp frå NRK sitt TV-program Folkeopplysningen.
Kvinne med ryggen til bøyer hovudet nedover med hendene. Foto.

Oppgåve 1: Tenk over

Du skal tilby ei ny behandling for vond rygg.

  • Korleis ville du ha reklamert for å overtyde potensielle kundar om at du tilbyr den beste behandlinga?
  • Ville du ha spelt mest på etos, logos eller patos for å overtyde?

Oppgåve 2: Sjå klippet frå Folkeopplysningen

Sjå klippet frå NRKs Folkeopplysningen på YouTube (ikkje teksta).

  • Kan kjøkkenreiskapar kurere vond rygg?
  • Kva synest du om behandlaren sin etos (truverd) i den første delen av klippet?
  • Kva skjer med etos når behandlaren og behandlingsrommet blir oppgradert?
  • Finn du døme på at andre appellformer blir i tekne i bruk (logos eller patos)?
  • Kva synest du om innslaget?
  • Kva grep kunne behandlaren gjort for å verke endå meir overtydande?
CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 28.02.2020

Læringsressursar

Innføring i retorikk og argumentasjon