Hopp til innhald

Fagstoff

Bilete i bruk

Bilete dokumenterer at noko faktisk har skjedd, eller illustrere, utdjupe eller kommentere ein tekst. Enkelte bilete er først og fremst laga for å appellere til kjenslene våre. Nokre bilete siterer andre, kjente biletuttrykk
Plakat som viser krigsgudinne med sverd og skjold
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bruksområde og funksjonar

Du har sikkert høyrt utsegna: Eit bilete seier meir enn tusen ord. Mange bilete har ein informativ funksjon. Eit parkering forbode-skilt fortel oss at her kan vi ikkje parkere bilen. Ei grafisk framstilling gjer det enklare å forstå kompliserte samanhengar.

Silhuett av person som ser på nordlys. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Av og til har bilete ein ekspressiv funksjon. Det uttrykkjer kjensler og framkallar bestemte opplevingar. Når vi ser eit bilete der nordlyset flommar over himmelen, blir vi fanga av den trolske stemninga, og kan ane eit snev av urkreftene i universet.

Reklameprodusenten er oppteken av bilete som påverkar haldningane våre, eller får oss til å kjøpe bestemte produkt. Reklamebilete har derfor ein appellativ funksjon.

Biletet som kunst

Kunstbilete er ekspressive medietekstar. Kunstnaren ønskjer å uttrykkje noko gjennom biletet. Når vi les biletet, kan vi freiste å avdekkje kva kunstnaren vil seie. Men vi kan også velje å berre halde oss til biletet som medietekst. Kva for tankar og kjensler oppstår når vi ser biletet? Tradisjonelt sett tenker vi på kunstbilete som måleri. Men i dag er fotografiet på full fart inn som kunstuttrykk.

Eit hovud med hår og auge stikk opp av ei tjønn. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Biletet som illustrasjon

Bilete blir ofte brukte til å illustrere andre tekstar. Tenk deg at utdanningsministeren besøker skulen din og fortel at norske elevar no gjer det betre på PISA-undersøkinga. Avisa lagar ein reportasje om besøket. Teksten blir illustrert av eit fotografi der ministeren helsar på elevrådsleiaren, og ei grafisk framstilling som viser resultata til dei norske elevane samanlikna med elevar frå andre europeiske land.

Biletet som kommentar

Bilete kan også vere ein kommentar til andre medietekstar eller til ei bestemt hending. Eit fotografi kan gje heilt andre signal enn det intervjuobjekta gir uttrykk for munnleg.

En druknet treåring er skylt på land på en sandstrand. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Biletet som dokumentasjon

Fotoalbumet til bestemor og Facebook-profilen din er fulle av bilete som dokumenterer levd liv. Her blir Andrea født, her møter Asha den norske vinteren for første gong, her er Anders på fest med kompisane. Bileta våre stadfester at noko faktisk har skjedd, og dei utgjer ein viktig del av det kollektive minnet til familien og samfunnet.

Biletet som appell

Bilete har stor påverknadskraft. Dei appellerer i langt sterkare grad til kjenslene våre enn skriftlege tekstar, og dei fleste av oss oppfattar bodskapen intuitivt. Det er denne eigenskapen som gjer at bilete ofte blir brukt i reklame og propaganda.

Skrik-motiv og tekst som protesterer mot riving på husvegg i Blitz-kvartalet
Opne bilete i eit nytt vindauge

Biletet som sitat

Nokre bilete krev at vi har kjennskap til andre bilete som allereie er etablerte som kjente ikon. Det finnest utallege bilete der motivet er henta frå Edvard Munchs måleri Skrik. For å forstå desse bileta må vi kjenne til det biletuttrykket dei siterer.

Relatert innhald

Du arbeider som pressefotograf i regionavisa. På morgonmøtet får du i oppdrag å fotografere eit bilete til ei NTB-melding.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 13.03.2018

Læringsressursar

Innføring i retorikk og argumentasjon