Utforsk og jobb med lyddesign i radioreklamar
Finn tre radioreklamar, og svar på spørsmåla under.
Finn radioreklamar på nettet eller bruk nokon herfrå:
Info om radioreklamen
Finn tittel, lengd, kven som har produsert han, kva slags produkt eller teneste han reklamerer for, og kva slags selskap eller organisasjon som står bak.
Lydtypar
Kva lydtypar er brukte? Er dette lydtypar du kunne ha teke opp sjølv?
Verkemiddel og oppbygning
Kva verkemiddel er brukte med tanke på dramaturgi/oppbygning, historieforteljing, lydtyper og i redigeringa? Til dømes justert lydnivå, arbeid med frekvensar og panorering?
Korleis opplevast dei?
Korleis vil du gå fram for å gjere eit lydopptak av stiletthælar på parkett?
Korleis kan du lydleggje at nokon kjem springande i skogen i full fart?
Sjå for deg at du er i ein mørk, fuktig kjellar, og at ei tung, gammal dør blir opna sakte. Korleis kan du skape dette lydbiletet?
No skal du gjere lydopptak og setje saman minst to ulike lydbilete for å dramatisere og byggje opp ei forteljing eller stemning. Jobb med lydnivå, rytme, frekvensar og panorering i redigeringa.
Gjer opptak av minst fire av desse seks lydane:
effektlyd av føter som går (vel sjølv stad, intensitet og underlag)
miljølyd frå ein folksam stad
miljølyd i eit ikkje så hyggjeleg rom
miljølyd og effektlydar i skog
effektlyd av ei grein som blir knekt
effektlyd av dør som blir lukka
Lag ein radioreklame på 10–15 sekund der du legg vekt på eit variert lydbilete og dramatisering. Mesteparten av lydane skal du produsere sjølv. Musikk og eventuelle effekt- og miljølydar skal ha open lisens eller creative commons-lisens.
Vel eit av desse produkta, og vel målgruppe sjølv
nytt støyreduserende hodesett frå valfri produsent
Coca-cola på 0,33-literboks
- Kvikk Lunsj
Relatert innhald
Korleis kan du skape ein radioreklame som gjer at lyttaren blir verande og blir interessert i bodskapen? Lytt og lêr meir om lyddesign i radioreklamar.