Arbeidsoppdrag
Lag ei lokalradiosending
Del klassa inn i grupper på fem elevar. Kvar gruppe skal planlegge, produsere og avvikle ei radiosending for ein lokal radiostasjon. Eit anna alternativ er å lage ei skulesending som blir kringkasta i kantina i langfri.
- kvar person skal produsere eitt radioinnslag på 90 til 120 sekund som skal avviklast i sendingane
- spele inn ein jingle med radioidentiteten "Du høyrer på Radio XXX" med eiga røyst, og legge på lydeffektar i etterkant
- spele inn eitt slagord for sendinga, til dømes "Bilete er best på radio"
- foreslå eitt musikkinnslag
Arbeidsfordeling
- 1 teknikar
- 2 programleiarar (+ ev. eigen vêr- og nyheitsopplesar)
- 1 ansvarleg for sms-konkurranse
- 1 ansvarleg for køyreplan og musikk
Evaluer prosess og produkt når sendinga er ferdig.
- Kva fungerte bra?
- Kva kunne ha vore betre?
- Kva lærte du?