Rettleiing
Sjekkliste før du leverar lydarbeid
Små detaljar kan heve kvaliteten på ditt lydprodukt. Gå gjennom denne sjekklista før du leverer frå deg eit lydarbeid.
- Svarar du på det du skal i oppgåva?
- Er rekkefølgja på elementa god?
- Er tale tydeleg?
- Er det mange forstyrrande lydar som "hmm" og kremting?
- Ligg tale på om lag 75 % på lydmeteret?
- Er lydnivåa tilpassa kvarandre?
- Brukar du fader i start/slutt?
- Blir nokre av overgangane oppfatta som brå?
- Er det støy du kan gjere noko med?
- Er det nokre parti med sprengt lyd?
- Har du eksportert fila til riktig format?
- Viss du har brukt andre sitt materiale, har du kreditert dei?
- Har nokon lytta til produksjonen din og gjeve deg innspel?