Eg meiner jo at eg har den beste jobben i verda, for som musikkjournalist bruker eg mykje tid på å gå på konsert …
(Lydklipp frå konsert, ein person roper:) Er det noko liv her i kveld?
… og sjølvsagt på å snakke med artistar.
(Lydklipp, mannsstemme:) Hallo!
Men veit du kva eg hatar aller mest i heile verda med jobben min?
(Lydklipp, leande kvinnestemme:) Nei.
Altså, det er sikkert mange som tenker at det er dritskummelt å intervjue dei skikkeleg store stjernene som David Guetta …
(Lydklipp, mannsstemme:) It's crazy!
… eller gutane i Metallica.
(Lydklipp, mansstemme:) We've been pissing people off, you know, one way or another, since we started.
Men nei då, veit du kva som er mykje skumlare enn det?
(Lydklipp, leande kvinnestemme:) Nei.
Det er å intervjue heilt nye band, som gjerne ikkje er meir enn 18 år gamle og som akkurat har fått den første låten sin spelt på radio.
(Lydklipp, radio som skurrar.)
Det er fordi dei er nervøse. Og dei skal bli rockestjerner.
(Lydklipp, song:) I wanna rock!
Og dei vil så frykteleg gjerne verke kule og spennande og mystiske, og dei er såpass opptekne av å prøve å leve opp til eit feitt image.
(Lydklipp, brølande mannsstemme:) I'm the coolest person ever!
Så det ender berre opp med at dei ikkje tøyer å seie nokre ting.
(Lydklipp, nokon fniser og mumlar.)
Ja, eg har hatt band i studio som eg har stilt heilt vanlege spørsmål …
(Lydklipp frå intervju, Siri Knudsen:) Kan du fortelje litt om bakgrunnen for den låten?
… og berre stått og sett på at dei ser desperat på kvarandre, samtidig som dei tenker så det knakar for å komme på det som dei føler er det riktige rock-'n-roll-svaret, for så å ende opp med å seie noko sånt som:
(Lydklipp, mumlande mannsstemme som snakkar svensk:) Ja, det var jo berre eit refreng som berre låg i det som kjennest ut som fleire år …
Nei, då er det utruleg mykje enklare med erfarne artistar som har gjort det her nokre gonger før, og som har lært seg at dei i staden for å vere tøffe og kule …
(Lydklipp, brølande mannsstemme: I'm the coolest person ever!
… er det som regel betre å gå for reality-tv-klisjeane om å vere …
(Lydklipp, kvinnestemme:) … seg sjølv 110 prosent …
… og svare så ærleg som mogleg. Så lenge dei då ikkje blir så gamle og gretne og lei av å gi intervju som legenden Lou Reed var då eg møtte han, at når du spør om kva som er målet med plata, så ser han berre dumt på deg og svarer:
(Lydklipp, djup og monoton mannsstemme:) Try to achieve something in a monosyllabic world that usually is approached in a polysyllabic way, and then deadened by this studio experience and having every piece of blood extracted from it. (Ei anna mannsstemme:) You should translate that into Norwegian!