Hopp til innhald
Øving

Planlegg ein radioreportasje

Med utgangspunkt i det du har lært om bruk av lyd som verkemiddel, skal du no planleggje ein radioreportasje.

Planlegg ein radioreportasje

Skriv ca. éi A4-side om korleis du ser for deg å bruke lyd som verkemiddel i ein radioreportasje.

  • Bestem deg først for kva sak som skal vere utgangspunktet for reportasjen du skal planleggje. Saka kan du finne på heilt sjølv, eller du kan finne ei dagsaktuell sak i media.
  • Beskriv så korleis du kan bruke ulike lydverkemiddel i reportasjen din. Verkemiddel kan for eksempel vere stemmebruk, blokk, kontentum, musikk eller lydeffektar.