Korleis kan AR hjelpe deg?
Når du skal planlegge utvikling og bruk av AR-teknologi på verkstaden, må du vurdere punkta nedanfor. Slik kan du sikre at teknologien vil bidra til ein betre arbeidskvardag for deg og til effektive løysingar for bedrifta og kundane.
Formål
Definer klart kva målet er med å bruke AR-teknologien. Målet kan til dømes vere å forbetre opplæringa, auke sikkerheita, effektivisere arbeidsprosessar eller forbetre feilsøking og vedlikehald.
Val av AR-teknologi
Utforsk ulike AR-teknologiar og plattformer for å finne den typen som passar best til behova dine. Vurder faktorar som kompatibilitet med eksisterande utstyr og programvare, pålitelegheit, brukarvennlegheit og kostnad.
Behov for opplæring og kompetanse
Identifiser kva slags opplæring og kompetanse som er nødvendig for å ta i bruk AR-teknologien på verkstaden. Dei som skal bruke AR-verktøya, treng opplæring. I tillegg må dei forstå korleis dei kan dra nytte av verktøya i arbeidet sitt.
Relevante bruksområde
Identifiser konkrete område der AR-teknologi kan forbetre arbeidsprosessar på verkstaden. AR kan til dømes brukast til
visuell rettleiing under reparasjonar
markering av komponentar
virtuelle simuleringar
dokumentasjon av utført arbeid
deling av informasjon i sanntid
Utvikling og tilpassing av innhald
Vurder om det er nødvendig å utvikle eller tilpasse innhald spesifikt for verkstaden. Du må kanskje lage 3D-modellar av utstyr eller delar, eller du har behov for interaktive instruksjonar eller virtuelle guidar for reparasjon eller vedlikehald. Kva treng du?
Testing og evaluering
Gjennomfør testar og evalueringar før løysingane blir tekne i bruk på verkstaden: Identifiser eventuelle utfordringar eller avgrensingar, og gjer nødvendige justeringar for å sikre optimal funksjon.
Sikkerheit og vedlikehald
Sørg for at det finst klare retningslinjer for sikker bruk av AR-verktøya, og planlegg regelmessig vedlikehald og oppdatering av programvare og utstyr.
Skalerbarheit og framtidig utvikling
Vurder skalerbarheita til AR-løysinga og potensialet for framtidig utvikling. Teknologien bør kunne utvidast eller tilpassast når behova endrar seg. Sørg også for at han kan integrerast med andre system eller teknologiar på verkstaden.
Du skal no planlegge ein enkel bruk av AR-teknologi på verkstaden din.
Vel eit arbeidsoppdrag du har på verkstaden. Det kan vere produksjon av ein del, reinhald, service eller reparasjon.
Kva delar av jobben kan du bruke AR-teknologi til?
Beskriv dokumenta og tenestene som du vil at AR skal gjere tilgjengeleg for deg, til dømes teikningar, tabellar, ordreskjema, vurderingsskjema og kommunikasjon.
Set opp ein plan for korleis du ville bygd opp ei grafisk visning av eit program for AR-brillene dine. Kva treng du av informasjon, kvar ville du plassert han i skjermbiletet og når bør han visast?
Beskriv fordelar og ulemper ved å utvikle AR-teknologi for dette arbeidsoppdraget. Kva får han å seie for arbeidet du skal utføre, for bedrifta og eventuelt for kundar? Vurder til dømes utviklingskostnader opp mot mogleg effektivisering og forbetring av produkt og prosess.
Bruk dokumentasjonsverktøyet under og skriv svara dine inn i tekstrubrikkane. Når du har fylt ut alle rubrikkane, kan du få generert ei fil med alle spørsmåla og svara. Fila kan du laste ned og lagre, eller du kan sende ho til læraren din.
Dokumentasjonsverktøy
Relatert innhald
Du tek opp mobilen og opnar ein app med kamera, og verkelegheita som du kjenner ho, blir utvida på mobilskjermen ved hjelp av AR-teknologi.