Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er AR, MR og VR?

AR (Augmented Reality), MR (Mixed Reality) og VR (Virtual Reality) er namna på tre digitale teknologiar som kan gi brukaren virtuelle tillegg til den verkelege verda eller ei oppleving av ei komplett virtuell verd.
Ein person som har på seg AR-briller, står føre ein girboks. Biletet viser også den visuelle tilleggsinformajonen som AR-brillene gir personen. Virtuelle piler peiker mot det mekanikaren skal sjå på, og virtuell tekst skildrar kva hen skal gjere. Foto.

Augmented Reality (AR)

Augmented Reality (utvida verkelegheit) er ein teknologi som forheld seg til det vi til vanleg ser rundt oss, men som legg grafiske framstillingar og illustrasjonar, tekst og objekt inn i synsfeltet vårt. Desse digitale tillegga kallar vi hologram. Formålet med hologramma er å gi oss ei forbetra eller meir informativ oppleving av den verkelege verda.

Mixed Reality (MR)

Mixed Reality (blanda verkelegheit) er ei videreutvikling av AR og gir brukaren ei blanding av den verkelege og den virtuelle verda. Mens AR legg virtuelle objekt oppå den verkelege verda, bruker MR sensorar og avanserte algoritmar for å plassere virtuelle objekt direkte inn i den verkelege verda. Brukaren kan då samhandle med både fysiske og digitale objekt på same tid og i dei same omgivnadene.

Kvinneleg ingeniør med VR-hovudsett og to kontrollerar. Ho bruker VR-teknologi for prototyping i CAD-programvare. Foto.

Virtual Reality (VR)

Virtuell Reality (virtuell verkelegheit) er ein teknologi som gir brukaren ei oppleving av ei komplett virtuell verd. Den verkelege verda blir blokkert ut ved hjelp av ein skjerm eller eit par VR-briller. Når vi bruker VR, forheld vi oss altså ikkje til den verkelege verda i det heile.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 02.05.2023

Læringsressursar

Utvida verkelegheit