Hopp til innhald

Fagstoff

Fordelar ved bruk av AR

Utvida verkelegheit (AR) kan brukast i industribransjen til å betre effektiviteten og sikkerheita på arbeidsplassen.

Trening og opplæring

AR-teknologi kan brukast til effektiv opplæring og trening av nye teknikarar eller operatørar. Ved å bruke AR-briller eller ei mobil AR-eining kan nytilsette få tilgang til virtuelle opplæringsprogram og simuleringar som hjelper dei å forstå korleis maskiner og utstyr fungerer, og korleis dei skal haldast ved like.

AR-teknologien gjer det også mogleg for operatørane å få rettleiing interaktivt og i sanntid. Slik kan både kvaliteten og effektiviteten i arbeidet aukast.

Person som står føre ein skjerm. I forkant blir det vist ein projisert figur av ei vifte. Blåe og raude piler er plasserte oppå figuren. Dei blåe pilene viser kald luftstraum som vifta produserer, dei raude pilene viser varm luftstraum inn i og ut av vifta. Foto.

Feilsøking og vedlikehald

AR-teknologi kan brukast til å gi visuelle instruksjonar og interaktiv rettleiing til vedlikehaldsteknikarar mens dei arbeider med maskiner og utstyr. Ved å bruke AR-briller eller ei mobil eining kan teknikarane få tilgang til digital informasjon om utstyret dei arbeider med, inkludert feilsøkingsrettleiingar, reparasjonsinstruksjonar og vedlikehaldshistorikk. Dette kan hjelpe dei å utføre vedlikehaldet meir effektivt og nøyaktig, og det reduserer risikoen for feil.

Overvaking og kontroll

AR-teknologi kan også brukast til å overvake og kontrollere prosessar og operasjonar. Ved hjelp av AR-briller kan arbeidarane sjå sanntidsdata og informasjon om produksjonen slik at dei kan ta raskare og meir nøyaktige avgjerder.

Kvalitetskontroll

AR-teknologi kan også brukast til kvalitetskontroll av produkt og materiale. Arbeidarane får virtuell instruksjon og informasjon om kvalitetsstandardar og -krav og kan derfor utføre inspeksjonar og kvalitetskontrollar meir nøyaktig og effektivt.

Tilgang til detaljerte digitale modellar og instruksjonar er også med på sikre at reparasjonar og vedlikehald blir gjennomførte på ein standardisert måte.

Mekanikar i arbeidsklede som står føre ein girboks. Hen har  AR-briller på og jobbar på ei maskin. Projiserte illustrasjonar  beskriv kva hen skal gjere. Foto.

Tidsinnsparing

Ved å bruke AR-teknologi kan teknikarar raskare finne årsakene til problem med maskiner og utstyr, og då tek det kortare tid å gjennomføre vedlikehald og reparasjonar. AR-teknologi kan dessutan hjelpe teknikarane med å finne dei verktøya og reservedelane dei treng.

Sikkerhet

AR-teknologi kan også betre sikkerheita på arbeidsplassen ved å gi arbeidarane sanntidsinformasjon om farlege situasjonar, risikoanalysar og instruksjonar om korleis dei skal handtere slike kritiske hendingar. Utstyret kan også brukast til å simulere farlege situasjonar slik at arbeidarane kan få øvd på å handtere dei på ein kontrollert og sikker måte.

Relatert innhald

I denne oppgåva skal du vurdere korleis du kan utnytte AR-teknologi i eit konkret arbeidsoppdrag på verkstaden.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 24.03.2023

Læringsressursar

Utvida verkelegheit