Ulike typar AR-teknologi
Augmented Reality (AR) eller utvida verkelegheit kallar vi brukaropplevinga vi får ved hjelp av teknologi som legg digitale objekt eller digital informasjon oppå dei reelle omgivnadene våre. Det finst fleire teknologiar som kan skape ei slik brukaroppleving.
Ankerbasert teknologi
Nokre AR-verktøy bruker ankerbasert teknologi. Denne teknologien treng eit fast ankerpunkt i verkelegheita, til dømes ein spesifikk markør, QR-kode eller eit anna symbol, for å identifisere ein posisjon i verkelegheita og projisere digitale objekt til denne posisjonen.
SLAM-teknologi
Andre typar AR-verktøy bruker SLAM-teknologi (Simultaneous Localization and Mapping). Denne teknologien bruker sanntidslokalisering og -kartlegging for å legge digitale objekt oppå omgivnadene.
Webbasert AR
I tillegg finst det webbasert AR, som gjer det mogleg å bruke AR-teknologi direkte frå ein nettlesar saman med eit kamera. Denne kombinasjonen kan du teste ut på din eigen mobiltelefon. Stadig fleire nettbutikkar tilbyr no moglegheita til å sjå gjenstanden du er interessert i, gjennom skjermen på telefonen. Vurderer du til dømes å kjøpe eit skrivebord, kan kameraet på mobilen la deg sjå korleis dette skrivebordet vil passe inn i rommet ditt.
Det finst fleire typar AR-verktøy som er i bruk i industrien i dag, og AR-briller er eit av dei mest brukte. Brillene projiserer virtuelle objekt og virtuell informasjon over på den verkelege verda og gir arbeidaren tilgang til sanntidsinformasjon om prosessar, teknisk litteratur, arbeidsordrar, maskiner, utstyr og produkt.
AR-briller kan også brukast til å gi virtuell instruksjon og opplæring og bidrar dermed til å auke produktiviteten og effektiviteten på arbeidsplassen.
Brillene har i tillegg kamera som kan gjere opptak av arbeidet vi gjer. Slike opptak kan brukast som dokumentasjon eller for å kommunisere med ein ekstern samarbeidspartnar via videosamtale.
AR-projektorar projiserer virtuelle bilete og virtuell tekst på fysiske overflater og kan brukast til å visualisere design, modellar og data. Dei kan også brukast til å gi virtuell instruksjon og opplæring.
AR-appar kan installerast på mobile einingar som smarttelefonar og nettbrett og gir arbeidaren tilgang til virtuelle objekt og virtuell informasjon som legg seg oppå dei reelle omgivnadene. Desse appane kan brukast til å visualisere design og modellar. Dei kan også brukast til å gi arbeidarar virtuell instruksjon og opplæring.
AR-appar kan brukast til mange ulike formål. Du kjenner kanskje til AR-spelet Pokémon Go, der ein gjennom skjermen på mobiltelefonen ser Pokemon-figurar springe rundt i gatene eller ute i skogen?
AR-hanskar er eit verktøy som kan brukast til å interagere med virtuelle objekt og virtuell informasjon ved hjelp av handrørsler. Hanskane kan til dømes brukast til å manipulere virtuelle modellar og data.
Denne typen utstyr kjem til å vere ein del av den vidare utviklinga i retning av MR-teknologi (Mixed Reality, eller blanda røyndom).
Smarte verktøy og maskiner
Nokre smarte verktøy og maskiner er utstyrte med AR-teknologi og gir arbeidaren tilgang til sanntidsinformasjon om yting, tilstand og vedlikehald. Desse verktøya og maskinene kan også brukast til opplæring og instruering.
Samla sett kan AR-teknologi bidra til å auke produktivitet, effektivitet og sikkerheit i industrielt produksjons- og vedlikehaldsarbeid på fleire ulike måtar.
Tenk etter
Kvar på verkstaden treng du å dokumentere?
Kvar må du bruke teikningar og instruksjonar?
Kvar ville det vore enkelt å nytte AR-teknologi?
Kryss av for rett svar. Kvart spørsmål kan ha fleire rette svar.