Hopp til innhald

Fagstoff

Havpadling

Havpadling er ein populær fritidsaktivitet som gir store naturopplevingar, og som dei fleste kan meistre. Med riktig utstyr og kompetanse om sikkerheit og redning er det ein trygg aktivitet.
To kajakkar på veg mellom store svaberg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Folk har rodd, segla og padla på vatnet i uminnelege tider. Tidlegare var vassvegen viktigare for ferdsel på kysten enn han er i dag.

Havkajakken er ein av dei eldste farkostane som enno er i bruk. Inuittane har så langt tilbake ein kjenner til, nytta dei smale båtane som eit fartøy for jakt, fangst og fiske på Grønland. I dei polare områda fanst det ikkje tre som dei kunne lage kanoar av. Dermed vart farkostane bygd av eit skjelett som vart kledt med skinn. Konstruksjonen vart lett, manøvrerbar og overbygd slik at han tolte vêrtilhøva i arktiske havområde.

I dag er havpadling ein populær fritidsaktivitet. Det er om lag 150 000 aktive kajakkpadlarar i Noreg. Dei fleste padlar havkajakk. 9000 er organiserte i klubbar under Norges Padleforbund. Det finst eit eige utdanningssystem for padlarar, frå våttkort til spesialiserte sertifiseringar innan eigenferdigheit og instruksjon.

Naturopplevingar og meistring

Padling gir mange typar opplevingar:

  • nærkontakt med naturen
  • ro og nærvær
  • meistring og padleteknikk
  • leik og spenning i krevjande farvatn
  • tilgang til nye naturområde
  • trening og fysisk aktivitet

I starten vil ein padlar oppleve stor progresjon og auka meistring i samspelet med båt og vatn. Samtidig stiller padlinga relativt låge krav til fysisk kapasitet. Dei fleste har derfor moglegheit til å utvikle seg som havpadlarar. For dei fleste er padling ein sosial aktivitet, men erfarne padlarar kan med riktig utstyr òg dra på tur åleine.

Havpadlarar utviklar respekt for naturkreftene og utviklar haldningar som handlar om å ta vare på miljøet dei er i. Kajakkpadling er ein skånsam måte å ta seg rundt i naturen på. Gode padlarar respekterer ferdselsforbod i verneområde og kastar aldri ikkje-organisk søppel i naturen.

Riktig utstyr og evner gir trygg padling

Det viktigaste utstyret for padlaren er sjølve kajakken, åra og personleg påkledning. Påkledninga skal sørgje for at ein flyt og held seg varm nok til å kunne ferdast sikkert, òg etter å ha vore i vatnet. I tillegg bør ein ha med seg ein del tryggingsutstyr. Om ein skal på lengre eller krevjande turar trengst det òg spesielt utstyr for navigasjon, reparasjon, kommunikasjon, leirliv og proviant til dei som er med.

Havpadling er ein trygg aktivitet. Med riktige evner er det lågt sannsyn for skadar eller ulykker. Dei vanlegaste skadane er mindre alvorlege og oppstår når ein padlar skal stige opp i eller i land frå kajakken.

Drukning eller nedkjøling i samband med kantring gir dei alvorlegaste ulykkene. Derfor er det å øve på redning og handtering av ulykkessituasjonar viktig. Det er i Noreg ikkje kjende drukningsulykker med grupper av padlarar som er øvde på redning under rådande tilhøve.

Dei beste tipsa for sikker padling er å

  • padle saman med andre
  • kle deg etter vasstemperaturen
  • øve på kameratredning ofte
  • førebu deg på dei farvatna og tilhøva du skal padle i

Å padle innanskjers på flatt vatn i ei gruppe stiller lågare krav til kompetanse og teknikk enn ein tur ytst i havgapet med sterke straumar, store bølgjer og sterk vind.

Riktig padleteknikk gir lågare belasting

Riktig padleteknikk omfattar bruk av heile kroppen, frå kvar vi festar blikket til grepet om åra og fråspark med føtene. Dei største musklane i kroppen er dei sterkaste. Det er viktig å bruke bein, hofter/sete og overkropp når du padlar.

Det finst eit utal variantar av padletak, ulike årer som krev tilpassing av teknikk, og ulike manøvrar som ein kan trene inn for å få kajakken til å oppføre seg som ein vil. Med støttetak kan du halde balansen sjølv i store bølgjer. Framdriftstaket er viktigast, det bruker du mesteparten av tida!

Planlegging og navigasjon

God planlegging er viktig før ein skal ut på padletur. Som padlar må ein òg følgje nøye med, både på omgivnadene og på andre farkostar på sjøen.

På sjøen navigerer vi først og fremst med kart, kompass og våre eigne observasjonar av omgivnadene. Det er viktig å kunne lese sjøkart og kompass og å kunne bruke desse i ulike omgivnader på vatnet. Når vi sit heilt nede på vatnet, kan det vere vanskeleg å orientere seg om kvar vi er i eit sjøkart. Dette må vi derfor øve på. Det er òg vanskeleg for førarane av andre fartøy å sjå padlarar på vatnet. Havpadlarar må alltid vurdere risiko og sjølv ta forholdsreglar for å unngå å hamne i situasjonar der det er risiko for å bli påkøyrt.

Planlegg turen din. Finn ut kva fart du rører deg i når du er på tur, og ha eit medvite forhold til kor lang tid det tek å gjennomføre den planlagde turen. Sørg for at du har alternative moglegheiter viss du finn ut at planen må leggjast om for å ta omsyn til gruppa du padlar i, eller farvatn eller andre tilhøve viser seg å vere annleis enn det du har planlagt for.

CC BY-SASkrive av Pål Frønsdal.
Sist fagleg oppdatert 05.08.2022

Læringsressursar

Friluftsaktivitetar – planlegging og gjennomføring