Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Todagars vintertur på fjellet

I dette arbeidsoppdraget skal du lære ferdigheiter som gjer deg i stand å planlegge og gjennomføre trygge dagsturar på ski på fjellet. Vi må ta omsyn til vêrmelding, skredfare og til føresetnadene og utstyret til turdeltakarane.
Skitur i skumring på fjellet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dette skal vi gjere

  • Vi skal gjere ulike aktivitetar, gå dagsturar på ski og overnatte på hytte eller i kantgrop.
  • Vi skal jobbe saman fire og fire med å løyse praktiske oppgåver. Læraren deler inn i grupper. Medlemmene i gruppa hjelper kvarandre, oppmuntrar, støttar og ventar på kvarandre når dei er på tur.
  • Vi skal repetere ting vi har jobba med før, øve på nye ferdigheiter og jobbe medvite for best mogleg samarbeid og gode turopplevingar.
Mann som har kledd seg med undertøy, mellomplagg og ytterplagg for tur i vinterfjellet. Rundt mannen står det informasjon om kleda i bobler. Illustrasjon.

Vi gjer praktiske oppgåver ute

  1. Vi les vêrmeldinga og tek omsyn til ho.
  2. Vi vel påkledning og pakkar sekk.
  3. Vi planlegg kvar vi kan gå trygt ved hjelp av kart, kompass og hellingsmålar.
  4. Vi smør ski og går på ski.
  5. Vi vel rasteplass, bygger levegg og lagar sitjeplass i snøen.
  6. Vi sankar ved og tenner bål på snø.
  7. Vi prøver ut ulike typar varmekjelder til koking av vatn: Kvar gruppe skal smelte snø til 0,5 liter vatn, koke opp dette og ta tida frå snøen blir lagt i kjelen til vatnet kokar.
  8. Vi lærer prinsippa for å laga kantgrop, og for korleis vi kan halde varmen ved overnatting ute om vinteren.
  9. Vi spar kantgrop og overnattar der (eventuelt).

Vi gjer praktiske oppgåver eller reflekterer innandørs

  1. Vi repeterer og øver på å bruke kart og kompass.
  2. Vi reflekterer over kva som er spesielt når vi skal finne fram med kart og kompass i vinterfjellet samanlikna med sommarfjellet.
  3. Vi repeterer elementær førstehjelp (hjerte-lunge-redning, sideleie og korleis stanse bløding).

Alle tek med

  • dagstursekk
  • klede for ein dag ute på ski (hugs lue, vottar, gamasjar og skisko)
  • skift
  • sovepose/lakenpose
  • sitjeunderlag, termos og matpakke
  • kniv og fyrstikker
  • ski, stavar og eventuelt skifellar
  • annan mat etter avtale med lærar


Læraren sørger for

  • kart, kompass og hellingsmålar
  • utskrift av vêrmeldinga for dagen
  • spadar, tursager
  • brennarar og kokeutstyr
  • litt skismurning

Etter denne økta kan du svara på desse oppgåvene

Vêrmelding, klede og pakking av sekk

Les tekstvarselet og symbolvarselet. Kva fortel vêrmeldinga deg om temperatur, nedbør, vindstyrke og vindretning?

Kva vil du ha på deg på dagstur på fjellet i dag? Kva har du i sekken?

Kvifor er det lurt å ha ull inst mot kroppen?

Smørjing av ski

Vurder temperaturen og kvaliteten på snøen. Kva skismurning vel du ut frå dette?

Kva er skifellar, og kva nytte kan vi ha av skifellar?

Bål og utstyr til koking

Korleis lagar vi bål på snøen på ein måte som gjer at det kan brenne minst éin time?

(Korleis bygger vi opp bålet? Kva kan vi bruke som opptenningsmateriale? Kva kan vi bruke for å få eit bål som varer? Kva er spesielt for bål på snø samanlikna med bål på barmark?)

Kva nytte kan vi ha av spade på tur om vinteren?

Kva vil du ta omsyn til når du skal velje stad for matpause?

Korleis vil du utforme sitjeplassen? Og kvar vil du plassere bålet?

Kva for tre typar brennarar har vi å velje mellom når vi skal koke mat ute?

Kva er fordelar og ulemper med propanbrennaren samanlikna med raudspritbrennaren og bensinbrennaren?

Snøskred og skredfare

Kva bør vi unngå dersom vi vil legge skituren vekk frå eit snøskredutsett område? Kva kjenneteiknar eit skredsikkert terreng?

Kva trur du vi meiner med uttrykket «følg rygg, ver trygg» når vi går på skitur?

Å finne vegen

Korleis tek vi ut ein kompasskurs frå ein stad til ein annan?

Kvar er nord på kartet, og i terrenget?

Kvifor kan det vere litt vanskelegare å vite kvar vi er på kartet når vi går i snødekt terreng, samanlikna med barmark?

Kva i terrenget rundt dykk kan de kjenne att på kartet?

Kvar vil de legge turen i dag dersom de skal ta omsyn til vêrmeldinga for dagen, skiferdigheitene i gruppa, at turen skal gå i skredsikkert terreng og til eit område der de kan finne ved for bål?

Førstehjelp

Korleis går du fram for å stoppe bløding i ein fot eller arm?

Kva gjer du dersom du finn ein livlaus person liggande på bakken ein dag du er på tur?

Kva meiner vi med sideleie, og når bruker vi det?

Korleis utfører vi hjarte-lunge-redning?

Kva meiner vi når vi snakkar om å «sikre frie luftvegar»?

Kantgrop

Korleis lagar vi ei kantgrop, og kva nytte kan vi ha av ei kantgrop?

Vurdering

Last ned skjemaet "Eigenvurdering: Todagars vintertur på fjellet" og gjer eigenvurdering.

Filer

Læraren og klassen avtaler eventuell vurdering med karakter.

CC BY-SASkrive av Tone Olavsdotter Mosebø.
Sist fagleg oppdatert 03.01.2019

Læringsressursar

Friluftsaktivitetar – planlegging og gjennomføring