Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Todagars hausttur

Dette er forslag til ein bli-kjend-tur der de får grunnleggande kunnskap om natur og friluftsliv.
Sommarkledd ungdom på tur i fjellet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dette skal vi gjere

Sauer på beite. Foto.
  • Vi skal vere to dagar på fjellet.
  • Vi skal gjere ulike aktivitetar, gå dagsturar og overnatte på hytte.
  • Vi skal jobbe saman to og to om å løyse oppgåver. Læraren deler elevane inn i grupper, der medlemmene i kvar gruppe hjelper kvarandre, oppmuntrar, støttar og ventar på kvarandre når vi er på tur.

Vi skal

  • lære å bruka kart og kompass
  • bli kjende med naturtypen vi er i, og kva området blir brukt til
  • lære om vêrtypar og påkledning
  • lære om allemannsretten
  • bli kjende med klassen og jobbe bevisst for skape best mogleg samarbeid og gode turopplevingar

Den første dagen

Myrull i fjellet. Foto.
  1. Vi reiser opp til hytta, får ein stad å sove og pakkar om til dagstursekk.
  2. Vi et nista vår før klassen blir delt inn i grupper.
  3. Læraren forklarer formålet med turen, presenterer programmet for turen og informerer om praktiske reglar for bruken av hytta.
  4. Vi tenker høgt saman om det kvar og ein av oss kan gjere for at det skal bli ein hyggeleg og lærerik tur for alle.
  5. Læraren snakkar kort om allemannsretten, området vi er i, og om plante- og dyrelivet rundt hytta, og forklarer korleis vi bruker kart og kompass.
  6. Gruppene får utdelt kart, kompass og flora, og vi går ut.
  7. To og to går saman og løyser oppgåvene om området, plantane, dyra, kart og kompass og allemannsretten (sjå nedanfor). Vi er ute, men held oss i nærleiken av kvarandre slik at læraren kan hjelpe til når vi lurer på noko.
  8. Vi et niste nr. 2 og går gjennom oppgåvene i plenum.
  9. Om kvelden: felles matlaging og bli-kjend-leikar.

Dag to

Modne molter. Foto.
  1. Vi lagar frukost saman og ryddar hytta.
  2. Kva lærte vi i går? Repetisjon!
  3. Vi løyser oppgåvene om vêr og påkledning. Deretter går vi på dagstur.
  4. I dag fokuserer vi særleg på å følge med på kartet medan vi går tur, finne ein gangfart som passar for alle, ein god stad å rasta og ei påkledning som kjennest behageleg.
  5. I klassen er vi ulike med tanke på fysisk form, erfaring med å gå på tur, skotøy, klede og utstyr. Korleis kan vi passe på at alle får ein fin tur med utfordringar som passar for sitt nivå?
  6. Vi et niste og oppsummerer dagen før vi går tilbake til hytta og reiser heim.

Dette treng vi


Alle tek med

  • dagstursekk
  • klede for éin dag ute
  • skift
  • sovepose/lakenpose
  • sitjeunderlag, termos og to matpakkar
  • fotoapparat eller telefon som kan ta bilete
  • annan mat etter avtale med læraren

Læraren sørger for

  • kart og kompass
  • utskrift av vêrmeldinga for dagen
  • flora
  • mat til felles kveldsmåltid (alle deler på utgiftene)

Etter denne todagarsturen kan du svare på desse oppgåvene:

Om området du er i:

  • Kor høgt over havet ligg området du er på tur i? (Oppgi ca. lågaste og høgaste punkt.)
  • Ligg denne staden ved kysten eller inne i landet?
  • Kva fylke er du i no?
  • Kva heiter dalføret du har reist gjennom for å kome opp til denne hytta?
  • Naturen har verdi i seg sjølv, og vi menneske bruker naturen på ulike måtar. Kva blir området rundt deg brukt til av menneske gjennom året?

Om plantar:

  • Kva treslag finn du rundt hytta?
  • Dersom du hadde planta eit appelsintre ved denne hytta, ville det vekse opp og bere appelsinar? Kvifor? Kvifor ikkje?
  • Bruk telefonen eller eit kamera til å ta minst to foto av kvar tretype/plantetype (vis tydeleg både blad og veksemåte): bjørk, gran, furu, einer, rogn, dvergbjørk, vier.
  • Kva typar bær finn du i området? Ta foto av blåbærlyng, molteblad, tyttebærlyng.
  • Bestem to grasartar i området og ta foto av dei.
  • Kva planteslag i dette området er viktige som beiteplanter for sau?
  • Ta foto av ei myr. Kva er ei myr? Kvifor blir det danna myrar?

Om dyr:

  • Kva ville dyr trur du lever i dette området?
  • Kvifor er det lite sannsynleg at du vil møte på ein tiger på turen i dag?
  • Kan du sjå spor etter husdyr i området? Kva spor frå kva dyr?

Om kart og kompass:

  • Kvar er nord i forhold til der du er akkurat no?
  • Kvar er nord på kartet?
  • Kva fortel målestokken på eit kart oss?
  • Kva er målestokken på kartet du bruker i dag?
  • Bruk kartet til å planlegge ein totimars tur. Gå ut frå at du kjem til å gå med ein fart på tre kilometer i timen (som er ganske vanleg fart når vi går i terrenget).
  • Ein venn spør dykk kvar han skal gå dersom han vil gå ein dagstur på fire–sju timar med utgangspunkt i hytta de er på, og der eit av formåla med turen er å kome opp på ei høgde eller ein topp og få god utsikt. Bruk kartet til å finne fram til eit godt turforslag.
  • Ta ut kompasskurs frå hytta du er på, til ein plass i nærleiken (du vel sjølv kvar). Hjelp kvarandre og sørg for at alle i gruppa har prøvd å ta ut minst éin kompasskurs.

Om allemannsretten:

  • Kva er forskjellen på innmark og utmark?
  • Har vi lov til å gå til fots der vi vil i utmarka?
  • Kan vi fritt plukke blåbær i utmarka?
  • Kan vi slå opp telt der vi vil – og ha det ståande så lenge vi vil?
  • Kva omsyn må vi ta dersom vi ønsker å fyre opp bål i skogen eller på fjellet?

Om vêr og påkledning:

  • Korleis vil du skildre vêret i dag? Få med opplysningar om temperatur (sjekk gjerne termometeret på hytta), vind (styrke og retning), skydekke og nedbør.
  • Kva seier vêrmeldinga om vêret der du er i dag?
  • Stemmer det du observerer, med det vêret vêrmeldinga sa det skulle bli?
  • Kva hadde du på deg då du gjekk på tur? Var det passeleg varmt, eller ville du ha endra på noko?
  • Kva hadde du på deg da du sat stille og hadde pause? Var det passeleg varmt, eller ville du ha forandra på noko?
  • Kva hadde du på føtene? Fungerte fottøyet ditt godt i det terrenget og på den turen du har gått i dag? Heldt du deg tørr på beina? Var skoa behagelege? Ville du ha valt dei same skoa dersom du skulle gått ein dobbelt så lang tur?

Vurdering:

Last ned skjemaet: "Eigenvurdering i naturbasert aktivitet: Todagars hausttur" og gjer eigenvurdering.

Filer

Læraren og klassen avtaler eventuell vurdering med karakter.

CC BY-SASkrive av Tone Olavsdotter Mosebø.
Sist fagleg oppdatert 13.11.2017

Læringsressursar

Friluftsaktivitetar – planlegging og gjennomføring