Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

På fotojakt

Eit godt bilete kan erstatta mange ord, og seinare skal vi bruka foto i rapportar, når vi skal dokumentera ei arbeidsoppgåve eller når vi skal presentera eit produkt eller ei teneste for andre.
Hender som fotograferer. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

I dette arbeidsoppdraget skal du først finna bilete du liker, og verta bevisst på kvifor du liker dei. Du skal ta eigne bilete, læra å redigera og deretter å dela dei med resten av klassen.

Dette skal vi gjera:

Vi skal jobba med temaet i fire økter:

Økt 1 (ca. 45 minutt):

  • Læraren styrer denne delen.
  • Vi diskuterer kva vi kan bruka bilete til generelt, og spesielt i naturbruksfaga på skulen. Deretter ser vi på bilete andre har teke (i plenum), og diskuterer kva som kjenneteiknar eit godt bilete.
  • Læraren viser korleis vi kan redigera bilete på ein enkel måte.

Økt 2 (ca. 15 + 30 minutt):

  • Elevane jobbar to og to saman.
  • Finn minst tre foto av natur/landskap/dyr som de synest er gode.
  • Kopier nettadressene og legg dei inn i eit digitalt dokument som alle i klassen og læraren har tilgang til på nettet. Grunngi kort kvifor de synest biletet er godt.
  • Alle bileta vert viste i klassen før vi startar på tredje økta.

Økt 3 (ca. 1,5 timar):

Høstløv. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge
Haust på museet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Last inn eit fotoredigeringsprogram på pc-en din (læraren kan gi tips om gratis program).
  • Jobb individuelt: Gå ut og ta minst 20 bilete med eitt av desse temaa:
  • «Haust»
  • «Skulen min»
  • «Maskiner»
  • «Dyrevenner»
  • «Både tobeinte og firbeinte har føter»
  • «Planter til glede og planter til plage»
  • «Arbeidsoppgåver på skulegarden»
  • Rediger bileta du har teke.
  • Vel ut ca. fem–ti bilete og last dei opp i eit delt dokument (læraren fortel kvar). Minst eitt av bileta skal visast i to versjonar: før redigering og etter redigering.

Økt 4 (ca. 1–1,5 timar):

  • Kvar elev presenterer fem–ti av bileta sine for læraren og dei andre i klassen.
  • Alle skriv eigenvurdering og svarer på spørsmål om bruken av bilete.

Dette treng vi:

  • PC eller nettbrett
  • internett-tilgang
  • NDLAs sider om fotografering
  • fotoapparat eller mobiltelefon som kan ta bilete
  • kabel til overføring av bilete frå kamera eller telefon til pc eller nettbrett

Etter at dette arbeidsoppdraget er fullført, kan du:

  • finna minst tre eksempel på det du meiner er eit godt foto med tema natur eller menneskeleg aktivitet knytte til natur
  • fortelja kvifor du synest dette er eit godt bilete
  • ta digitale bilete og overføra dei til pc-en
  • installera biletredigeringsprogram på din eigen pc
  • bruka redigeringsprogrammet til å:
    1. skjera bilete

    2. retta opp bilete

    3. endra eksponering/lys i bilete

    4. fjerna raude auge

    5. laga album av utvalde bilete

    6. gjera om frå farge til svart-kvitt-bilete

    7. eventuelt leggja til tekst på bilete og laga kollasj av fleire bilete

  • forklara ein annan i klassen korleis du utfører punkta a–g over

Vurdering:

Utfør eigenvurdering ved hjelp av dette skjemaet: Eigenvurdering: På fotojakt

Filer

Avtal med læraren korleis arbeidet skal vurderast med karakter.

CC BY-SASkrive av Tone Olavsdotter Mosebø.
Sist fagleg oppdatert 13.11.2017

Læringsressursar

Friluftsaktivitetar – planlegging og gjennomføring