Arbeidsoppdrag
Første økt med kart og kompass
I dette arbeidsoppdraget får du ei første innføring i bruken av kart og kompass. Du lærer å lese kart, finne att i terrenget det du ser på kartet, og å bruke kart og kompass til å finne vegen frå ein stad til ein annan.
- dagstursekk
- mat og drikke for å vere ute heile dagen (gjerne varm drikke på termos)
- klede og skor å vere ute i
Læraren sørger for kompass og orienteringskart over området.
- Vi går gjennom litt teori om kart, kompass og GPS inne.
- Vi tek på utetøy, tek med kart og kompass (to og to deler eitt kart og eitt kompass) og går ut. To og to skal jobbe saman om oppgåvene, og heile gruppa skal vere nokolunde nær kvarandre slik at læraren kan hjelpe dei som treng det undervegs.
- Vi repeterer namna på dei ulike delane av kompasset.
- Sjå på kartet du har fått utdelt. Finn ut kvar du er på kartet, målestokk, ekvidistanse og desse kartteikna nær deg:
bygning
veg
lauvskog
barskog
myr
vatn
bratt skrent
slak helling
dyrka mark
- Finn dei same stadene i terrenget, ta bilete av dei, gå tilbake til avtalt møtestad og vis til læraren.
Ta ut kompasskurs frå møtestaden (der klassen er samla) til:
næraste vegkryss, og derifrå til
næraste stad som ligg 20 meter høgare enn dette vegkrysset, og derifrå til
næraste bygning, og derifrå
tilbake til møtestaden
- Vi finn ut kva vi kan bruke som siktepunkt og fanglinjer i kvar av desse kompassgangane.
- De skal finne ein stad der vi kan brenne bål og ete matpakka vår, og de bruker kart og kompass til å finne ei god rute dit. To og to skal lage forslag til kvar vi skal gå, og presentere dette for resten av klassen (ute).
- De skal forklare kvifor de vil velje akkurat denne staden og akkurat denne ruta.
- Vi vert samde om ein stad og ei rute for å komme dit.
- Vi bruker kart og kompass for å komme til denne staden. To og to skal arbeide saman.
Etter denne økta kan du
- forklare korleis du kan finne himmelretningane (nord, sør, øst og vest) ute i naturen utan å bruka kompass
- forklare kvifor det er nyttig å kunne bruke kart og kompass
- forklare kva målestokken på eit kart fortel oss, og rekne ut avstanden i verkelegheita når du har eit kart med kjend målestokk
- forklare kva høgdekurve og ekvidistanse er
- forklare desse orda: kartkontakt, siktepunkt og fanglinjer
- lese kartteikn på orienteringskartet, og finne desse både på kartet og i terrenget: bygning, veg, sti, skog, myr, vatn, bratt skrent, slak helling mot vest, dyrka mark
- peike på desse delane av eit kompass: marsjpil, linjal, nordpil (eller senga), kompassnål og kompasshus
- ta ut kompasskurs frå ein stad til ein annan
- forklare kvar nord på kartet er, og orientere kartet mot nord
- forklare kva som kan gjere at kompasset kan vise feil retning
Vurdering
Last ned: Første økt med kart og kompass. Eigenvurderingsskjema.
Læraren og klassen avtaler eventuell vurdering med karakter.