Hopp til innhald
Fagartikkel

Filer og rasper

Etter å ha grovforma treverket, kan vi bruke filer til å justere forma. Plasser materialet støytt, og vel ei fil som passar til forma du skal lage. Når du dreg fila mot overflata av treverket, skrapar du av fine spon. Ei grov fil kallar vi ei rasp.

Fil

Filene blir delte inn etter form og storleik og har namn etter fasongen på fila. Dei fleste filene blir leverte i tre ulike grovskapar: grov – middels – fin. Overflata på treverket blir meir eller mindre jamn, alt etter kor grove eller fine tennar fila har.

Rasp

Ei grov fil kallar vi for rasp. Den kan du bruke når du skal fjerne mykje materiale på kantar eller rundt mjuke former. Verktøyet fungerer som veldig grovt slipepapir og set spor i treverket.

Ei rasp skjer berre i éi retning. Ha derfor trykk når du fører verktøyet framover, og avlast trykket når du fører det tilbake. Dersom du bruker verktøyet i mjukt tre, kan det leggje seg spon i skjereflata. Dette kan du fjerne med filbørste og varmt vatn.

CC BY-SA 4.0Skrive av Industriskolen og Inger Gilje Spoaraland.
Sist fagleg oppdatert 26.02.2021