Hopp til innhald

Fagstoff

Bandsag

Ei bandsag er bygd opp av to hjul som står over kvarandre. Sagbladet er eit tynt band som går rundt i stor fart ved hjelp av ein el-motor. Mellom hjula er det eit arbeidsbord som bladet passerer gjennom. Når bladet er smalt, gir det høve til å skjere langs ei krum linje.
Mann bruker bandsag. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

HMS

Det er viktig at du justerer høgda for vern av bladet ut frå tjukkleiken på materialet. Bruk høyrselvern og briller.

Bruk av bandsaga

Bandsag. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bladet på bandsaga skal rotere så fritt som mogleg. Unngå trykk frå sida eller vridingar, for dette kan skade sagbladet. Det du skal skjere, må ligge støtt, slik at treverket ikkje vippar. Ver forsiktig dersom du må trekkje treemnet tilbake. Då må du passe på at sagbladet ikkje følgjer med og sporar av hjula.

CC BY-SASkrive av Magne Vågsland og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 11.03.2020

Læringsressursar

Verktøy