Hopp til innhald
Film og filmklipp

Handsirkelsag

Sirkelsag er ei maskinsag der sagbladet er ei tynn, rund stålskive med tenner. Saga blir brukt både til kapping og kløyving. Sjå videoen under og lær deg sikker bruk av ei handsirkelsag.
Sikker bruk av handsirkelsag. Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0

Bruk av handsirkelsag

Handsirkelsag finst i mange storleikar og med ulik kapasitet når det gjeld djupne på kutt. Du kan variere kuttdjupna etter tjukna på materialet. I tillegg kan du justere vinkelen på sagbladet.

Saga blir brukt både til kapping og kløyving. For å kløyve ei fast breidde kan du montere eit anlegg som er tilleggsutstyr til saga.

HMS

Det er viktig å passe på at vernedekselet glir lett på plass og dekkjer sagbladet når du ikkje sagar i materialet. Saga på biletet har eit avsug som er montert på for å unngå å spreie støv.

Det er stor fare for å kome i kontakt med bladet dersom du held handa på undersida av materialet du sagar i. Ved bruk av saga skal du ha på deg høyrslevern og vernebriller.

CC BY-SA 4.0Skrive av Magne Vågsland.
Sist fagleg oppdatert 04.11.2020