Hopp til innhald
Film og filmklipp

Kapp- og gjærsag

Ei kapp- og gjærsag blir brukt til å kappe materiale med nøyaktig vinkel. Videoen viser korleis du kan bruke saga på ein sikker måte.
Video: Martin Aune Walther, Kjell Brørs / CC BY-SA 4.0

Kapp- og gjærsag

Biletet viser ei kapp- og gjærsag som er lett å flytte med seg. Ho kan setjast opp på stativ saman med anlegg på sidene. Du kan då montere støttemål for å kappe fleire bitar med fast lengde. Saga blir ofte brukt ved kapping av panel og listverk, der ein stiller krav til nøyaktig vinkel.

HMS

Saga skal ha ein uskadd og sikker skjerm som dekkjer bladet. Det er svært viktig at denne går lett tilbake og dekkjer sagbladet når det er fri over materialet og du startar saga. Bruk høyrslevern og vernebriller.

CC BY-SA 4.0Skrive av Magne Vågsland.
Sist fagleg oppdatert 22.04.2021