Hopp til innhald

Fagstoff

Gjerdesag eller bygningssag

Gjerdesag blir òg kalla bygningssag. Det er ei stor og robust sirkelsag montert på eit bord med eit sagblad som peikar opp. Du kan dreie på sagbladet, slik at du kan gjere alle operasjonar frå same side av saga. Sjå videoen under og lær deg sikker bruk av saga.

Bruk av gjerdesag

Når du skal kappe materiale, kan du variere vinkelen på kuttet ved å dreie saga rundt horisontalt. Det er òg mogleg å stille saga skrått frå å stå i lodd. Når du skal kløyve eit bord, løftar du opp sagbladet og låser det fast slik at bladet kjem over sagbordet. Det er då viktig at bladet er parallelt med anlegget som du skyv bordet langsetter.

Gjerdesag med tilleggsutstyr. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

HMS

Saga skal ha ein uskadd og sikker skjerm over bladet. Det skal vere ein lett tilgjengeleg knapp for nødstopp. Ved bruk av saga skal du ha på deg høyrslevern og vernebriller.

CC BY-SASkrive av Martin Aune Walther og Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 04.11.2020

Læringsressursar

Verktøy