Hopp til innhald
Film og filmklipp

Tre som materiale

Tre er eit levande materiale med mange bruksområde. Det har styrke, stivleik og er lett å omarbeide. I filmen gir Knut Ivar Sørheim deg ei innføring i tørkeprosess, fiberretning og ulike tresortar. Lær deg å plukke ut gode emne som passar til arbeidet ditt.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Eigenskapar

Tre er ein fornybar ressurs som er lett tilgjengeleg. Det har stor styrke og stivleik i forhold til vekta, samanlikna med andre materiale. Dette gjer at tre har evne til å bere konstruksjonar. Styrken i trematerialet heng saman med fuktinnhaldet. Tørt tre har størst styrke.

Trematerialet er lett å omarbeide og føye saman. Vi kan forme det ved hjelp av reiskap eller ved å bøye, lime eller varmebehandle det. Bruker vi trematerialet riktig, kan det ha lang levetid.

Tettleik

Ulike treslag har ulik hardleiksgrad, og vi kan dele dei inn i mjuke, mellomharde og harde tresortar. Vi reknar ut tettleik ved å dele vekt på volum. Under finn du oversikt over tettleiken til nokre tresortar.

Tresort

Tettleik i rå tilstand, kgm3

Eik

1000

Bjørk

925

Ask

900

Gran

800

Furu

800

Lind

680

Krymping og svelling

Fordi tre er eit "levande" materiale, kan det forandre form og røre seg når det tørkar eller blir utsett for vêr og vind. Når treet tørkar, vil det krympe, og når det tek opp fukt, vil det svelle. Materialet krympar meir i breidderetninga enn lengderetninga. Dette gjer at det kan endre form eller sprekke.

Varmeleidningsevne

Tre har låg varmeleidningsevne. Det vil seie at det held godt på varmen. Dette gjer det behageleg å ta på til dømes ei bordplate eller eit handtak i tre. Isolasjonsevna til treet gjer at gamle laftehus held seg varme.

Bruksområde

Når vi skal bestemme oss for kva tresort vi skal bruke til konstruksjon eller for å lage eit produkt, er det nyttig å vurdere eigenskapar som:

  • kva fuktinnhald trevirket har
  • kor mykje det krympar når det tørkar
  • kor mykje det svell når det trekker til seg vatn
  • kva styrke trevirket har
  • kva tettleik trevirket har

Oppbygginga til trestammen

Trestammen består av ulike delar eller sonar. Dei har ulike funksjonar:

Bork
er døde celler som vernar trestammen mot uttørking og skadar.
Bast
inneheld levande celler som leier næringsstoff frå blada til andre delar av treet.
Kambium
består av celler som deler seg. Det er her treet veks og "legg på seg". Det blir derfor òg kalla vekstlag.
Ved
er døde celler som leiar vatn frå rota til alle delar av treet.

Veden blir delt i ulike lag:

Yteveden
transporterer vatn og næringsstoff oppover i treet. Denne delen er lys.
Kjerneveden
blir òg kalla marg. Dette er døde celler som bidreg til å halde treet oppe. Denne delen er mørk.
Vårved
er dei lyse og store cellene som blir danna om våren. Denne veden er svak.
Sommarved
er dei små og mørke cellene som blir danna om sommaren. Denne veden er sterk.

Instrument

Tre er framleis hovudmateriale for instrument. Den levande klangen trematerialet gir, lèt seg ikkje kopiere av plast eller andre materiale.

Kjelder

Foreningen norske lauvtrebruk (u.å). Tekniske tabeller. http://www.lauvtrebruk.no/pages/

Store norske leksikon (2018, 4. april). Årringer. https://snl.no/C\\3A\\5rringer

Treteknisk (u.å). Trevirkets oppbygging og egenskaper. http://www.treteknisk.no/resources/filer/publikasjoner/fokus-pa-tre/fokus-nr-40.PDF

Relatert innhald

Fagstoff
Samanføyingsteknikkar i tre

Lær deg enkle samanføyingsteknikkar som liming, spikring og skruing, og handverksteknikkar som plugging, kryssfelling, fingerskøyt og sinking.

CC BY-SA 4.0Skrive av Inger Gilje Sporaland, Thomas Bedin, Knut Grønvold og Hallstein Berre.
Sist fagleg oppdatert 30.09.2020