Undersøk kva slags eigenskapar og bruksområde tre har som materiale, og lag ein presentasjon.
Del 1. Treslag
Korleis ser følgande treslag ut?
eik
bjørk
ask
gran
furu
valnøtt
bambus
Finn bilete av treet i naturen og korleis treverket ser ut i bruk. Skriv nokre nøkkelpunkt om eigenskapane til treverket. Finn fire eller fem døme på interiørprodukt i ulike treslag. Set opp ei fin komponert oversikt i presentasjonen.
Del 2. Trefiberplater
Ofte bruker vi erstatningar for heiltre i form av ulike trefiberplater.
Kva er forskjellen på kryssfiner, MDF og sponplate?
Vis bilete og skriv nokre nøkkelpunkt om kvart av desse materiala. Kvar blir dei ulike platene brukte? Vis gjerne døme. Set informasjon og bilete inn i presentasjonen din.
Del 3. Berekraft
Vurder bruk av tre som materiale i interiør. Kva skal til for at tre kan reknast som eit berekraftig materiale? Korleis kan du påverke samfunnet og naturen ved å ta berekraftige val i eige arbeid?
Samanfatt refleksjonane dine i presentasjonen.