Hopp til innhald

Fagstoff

Tre – fornybart og berekraftig?

Tre er eit naturmateriale. Det er ein fornybar ressurs så lenge det er balanse mellom kor mykje trevirke vi tar ut frå skogen, og kor mykje som får vekse opp igjen. Vi har ei internasjonal merkeordning for tre- og papirprodukt som skal sikre eit berekraftig skogbruk.

Tre bind karbondioksid (CO2)

Hovudbestanddelen i tre, karbon, inngår i naturen sitt eige kretsløp. Når treet veks, tek det opp CO2 frå lufta. Dermed vil CO2 bli bunde opp i trevirket, både i det levande treet og i produkt vi lagar. Du kan lese meir om dette i artikkelen om fotosyntesen.

Sola lyser på ein plante med røter i jorda. Under står formelen for fotosyntesen, som viser korleis karbondioksid og vatn ved hjelp av energi frå sollyset blir omdanna til glukose, oksygen og vatn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Meir bruk av tre vil bidra til å redusere CO2-tilførselen til atmosfæren. Bruk av tre er derfor eit klimavenleg alternativ som byggemateriale.

Når trea blir hogde, vil dei naturleg nok ikkje kunne ta opp meir CO2. Ny skog som blir planta, vil på sikt kompensere for dette. Men det tek mange år før CO2-opptaket frå skogen blir på same nivå igjen.

Miljøsertifisering av tre

Det aller meste av skogbruket i Noreg er underlagt standardar for skogbruk. I desse standardane blir det mellom anna stilt krav til å gjennomføre miljøregistrering, rydde bekkar for hogstavfall og reparere køyreskadar i terrenget. Skogbruket skal ta omsyn til det .

Omgrep frå filmen

Livsmiljø: Eit miljø, ein stad eller eit område ein art lever i eller er avhengig av. Det er ein levestad eller ein ressurs for ein eller fleire artar.

Nøkkelbiotop: Eit område som er viktig for bevaring av det biologiske mangfaldet, fordi det inneheld naturtypar eller plante- og dyreartar som er sjeldne. Nøkkelbiotopen kan vere leveområde for ein eller fleire artar.

Skogbruksplan: Oversikt over skogressursar og miljøverdiar på ein skogeigedom. Ein slik plan består av kart og data om skogen på eigedommen.

Miljøregistreringar: Kartlegging av miljøverdiar i skog.

Miljøfigur (MIS-figur): Område i skogen som er viktige nøkkelbiotopar eller livsmiljø. Slike område er merkte av på skogbruksplanen.

Rik bakkevegetasjon: Eit område der det veks artar som er avhengige av næringsrik jord. Rik bakkevegetasjon er eit døme på eit livsmiljø som blir registrert som MIS-figur.

Sertifisert skog: Skog som blir drifta på ein slik måte at han oppfyller ein del fastsette miljøkrav.

Miljøavtale: Ein avtale skogeigaren skriv under på og dermed forpliktar seg til å følgje skogstandardane og retningslinjer for eit berekraftig skogbruk.

PEFC (Programme for the Endorsement of Forest Certification schemes)

PEFC-logo som viser to tre med ein sirkel rundt. Foto.

Dette er ei internasjonal merkeordning for tre- og papirprodukt som skal sikre berekraftig skogbruk. Det blir stilt ei rekkje krav til korleis hogsten blir gjennomført, for å kunne få bruke dette merket, mellom anna at ein skal

  • kartleggje økologisk viktige område (nøkkelbiotopar)
  • ta omsyn til spelplassar for storfugl og orrfugl
  • setje att nokre store tre, tre langs bekker og nokre døde tre

I tillegg blir det stilt ei rekkje krav til korleis skogen skal skjøttast før han blir hogd.


FSC – Forest Stewardship Council

FSC-logoen, som viser ein hake som går over til å bli eit tre. Illustrasjon.

FSC er ei merkeordning som omfattar alle ledd i verdikjeda: skog, produsentar og ferdige produkt. For å kunne bruke dette merket blir det mellom anna stilt krav om å ikkje bruke tømmer frå

  • ulovleg hogst
  • skogar med høg verneverdi
  • genmodifiserte tre
  • produsentar som ikkje rettar seg etter "tradisjonelle rettar og borgarrettar"

Kjelder

FSC (2012, 5. september). FSC-controlled wood. https://no.fsc.org/sertifisering-og-lisens/fsc-controlled-wood

NIBIO (2018). Bærekraftig skogbruk i Norge. https://www.skogbruk.nibio.no/forord

PEFC (u.å.). Norsk PEFC skogstandard. https://www.skog.no/wp-content/uploads/2016/05/PEFC-N-02_Norsk-PEFC-Skogstandard_godkjent-14012016.pdf

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin, Knut Grønvold, Hallstein Berre og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 04.04.2022

Læringsressursar

Materiallære