Måling - Materiale og teknikkar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Måling

Måling er fellesnamn på alt stoff som er flytande og blir brukt til overflatebehandling av materiale. Ho blir påført med pensel, rull eller sprøyte. Det finst mange ulike kvalitetar på måling. Val av kvalitet er avhengig av kva overflata vil bli utsett for, og materialet som skal målast.

Bestanddelar i måling

Måling har eit tal for glans som fortel kor blank overflata blir. Høg glans er det same som veldig blank flate. Låg glans vil seie at flata blir opplevd som matt. Måling med glanstal 02 er lågast (heilmatt) og 90 er høgast (heilblank).

Bindemiddel

Bindemiddel bind målinga til underlaget og er det som held pigmenta og målingsfilmen saman. Bindemiddelet har mykje å seie for eigenskapane til målinga og er med på å avgjere måten målinga tørkar på. Vi har fleire typar bindemiddel, både organiske og uorganiske.

Pigment

Pigment er fargestoffet i målinga og er også med på å gi målinga dekkevne. Dei bidreg også til å beskytte bindemiddelet og underlaget mot UV-strålar. Det er også pigment som er rusthindrande.

Fyllstoff

Fyllstoff er finknust mineralsk materiale. Det er med på å gjere målinga fyldig, utan å øydeleggje eigenskapane til målinga. Eit mykje brukt fyllstoff er dolomitt.

Løysemiddel

Løysemiddel er det vi kallar flyktige stoff. Det løyser opp bindemidla og fortynnar målinga, slik at ho får ein passe konsistens til påføring.I dag bruker vi helst vatn som eit tynnemiddel i målingar, då i dispersjonsmålingar eller emulsjonsmålingar. Kva slags type løysemiddel som er brukt, har innverknad på kva vernetiltak ein må bruke. Det kan også ha noko å seie for kva slags utstyr ein bruker til fordeling av målinga.

Tilsetjingsstoff

Det finns mange typar tilsetjingsstoff. Dei blir tilsette målingar etter type måling og eigenskapar denne skal ha. Eit døme på tilsetjingsstoff er konserveringsmiddel i vasstynna målingar.

Dette skjer i målinga etter at den er påført

Vassbasert måling

Alkydmåling

Epoxymåling

Skrive av Magne Vågsland.
Sist fagleg oppdatert 15.12.2017