Produksjon og tenesteyting (NA-LGA vg2) – ferdig 2025
Felles programfag saman med:Forvaltning og drift (NA-LGA vg2) – ferdig 2025
Bygger på:Naturbasert produksjon og tenesteyting (NA-NAB vg1)
Dette faget er under utvikling. Vi fyller på med ressursar fortløpande.
Plantedyrking i regulert klima
I Noreg gjer veksthusa det mogleg å produsere tomatar i januar og få julestjerna i blomster til jul. Dette emnet handlar om korleis du skal drifte eit veksthus, og korleis vi produserer tomat, agurk og sommarblomstrar. Produksjon av prydplanter i potte eller til snitt har òg fått plass i emnet.
Produksjon av tomat i veksthus
Mykje av veksthusarealet i Noreg blir brukt til tomatdyrking. Å dyrke tomat er arbeidskrevjande. Du må gjere både pinsering, nedfiring, avblading og hausting gjennom heile kulturen. Samtidig må du passe på at plantene får nok næring, og at du har sjukdommar og skadedyr under kontroll.