Produksjon og tenesteyting (NA-LGA vg2) – ferdig 2025
Felles programfag saman med:Forvaltning og drift (NA-LGA vg2) – ferdig 2025
Bygger på:Naturbasert produksjon og tenesteyting (NA-NAB vg1)
Dette faget er under utvikling. Vi fyller på med ressursar fortløpande.
Plantedyrking i regulert klima
I Noreg gjer veksthusa det mogleg å produsere tomatar i januar og få julestjerna i blomster til jul. Dette emnet handlar om korleis du skal drifte eit veksthus, og korleis vi produserer tomat, agurk og sommarblomstrar. Produksjon av prydplanter i potte eller til snitt har òg fått plass i emnet.
Produksjon av agurk i veksthus
Agurk er ein av dei største produksjonane i norske veksthus. Vi kan dyrke han gjennom heile året, men då treng vi ekstra lys og varme om vinteren. Produksjonen er arbeidskrevjande, men unngår du skadegjerarar og har kontroll på næringstilgangen, leverer du ei av dei mest populære grønsakene vi har.