Hopp til innhald

Produksjon og tenesteyting (NA-LGA vg2) – ferdig 2025

Dette faget er under utvikling. Vi fyller på med ressursar fortløpande.

Plantedyrking i regulert klima

I Noreg gjer veksthusa det mogleg å produsere tomatar i januar og få julestjerna i blomster til jul. Dette emnet handlar om korleis du skal drifte eit veksthus, og korleis vi produserer tomat, agurk og sommarblomstrar. Produksjon av prydplanter i potte eller til snitt har òg fått plass i emnet.

Veksthusteknikk

Tekniske installasjonar i veksthuset gjer at vi får ønskt temperatur, at plantene får nok vatn, og at lampene lyser når dei skal. I eit moderne veksthus styrer vi alt dette frå ei datamaskin, men det tekniske utstyret krev vedlikehald og ettersyn.