Hopp til innhald

Fagstoff

Jordarbeiding

Jordarbeidinga skal legge grunnlaget for god etablering og vekst. Korleis ser eit godt såbed ut, og kvifor er det uheldig å starte jordarbeidinga for tidleg på våren?
Traktor som køyrer ei harv på eit jorde. Foto.

Eit godt såbed gir gode vekstvilkår

Hensikta med jordarbeiding er å lage eit godt såbed slik at kornplantene får gode spire- og vekstvilkår. Du bør ikkje starte jordarbeidinga på våren før jorda er det vi kallar lagleg. Det betyr at jorda må ha tørka litt opp før vi køyrer utpå med traktor og reiskap.

Lagleg jord

Er du for tidleg utpå, kan du øydelegge jordstrukturen og få varige pakkeskadar i jorda. Pakking av jorda fører til at små og store porer i jorda blir øydelagde. Intakte porer sikrar tilgang på luft og vatn for både planter og dyr i jorda. Pakking fører til dårleg drenering, dårleg rotutvikling og dårlegare vilkår for dyrelivet i jorda. Dette er negativt for planteveksten.

Korleis sjekke om jorda er lagleg?

Du kan sjekke om jorda er lagleg ved å lage ein ball av jorda og sleppe han ned mot til dømes ein spade. Dersom han smuldrar lett opp, er jorda lagleg for jordarbeiding. Du kan òg prøve å smuldre ballen du har laga, med hendene.

Film om lagleg jord (7:04)

Sjå filmen, og svar på oppgåver etterpå.

Oppgåver til filmen

  1. Kva krefter påverkar vatnet i jorda?

  2. Kvifor sjekkar vi laglegheita til jorda lenger ned i jorda enn der vi skal så?

  3. Kva slags struktur har jord som ikkje har pakningskadar?

  4. Kva er mold? Kvifor er det gunstig med mold i jorda?

  5. Kva blir meint med feltkapasitet?

  6. Korleis bør aggregata i jorda fordele seg ? Kvifor er det slik?

Eit godt såbed med ulike sjikt

For at korna vi sår, skal få best moglege spireforhald, bør såbedet bestå av ulike sjikt eller lag. Såkornet bør ligge på ein litt fast grunn med eit sjikt med fine aggregat over. Over dette sjiktet vil vi ha litt større aggregat som vernar mot gjenslemming og skorpedanning om vi får kraftig regn rett etter såing.

Teikning av jord med fire lag: fastare botn, spiresjikt der det er eit korn som spirer, eit lag som er vern mot uttørking, og eit lag som er vern mot gjenslemming. Illustrasjon.

Reiskapar

Kva for reiskap du skal nytte i jordarbeiding, varierer etter jordtype og eigne erfaringar. Slodden jamnar ut jorda etter pløying, og harva smuldrar, jamnar ut og blandar jorda. Det finst fleire typar både av sloddar og harver som eignar seg til ulike jordtypar.

Kjelde

NLR Nord-Norge. (2021, 23. juli). Jordpakking. https://nordnorge.nlr.no/fagartikler/jord/jordpakking/nordnorge/jordpakking

Relatert innhald

Våronn er arbeidsoperasjonane vi gjer på jorda når våren kjem, som starten på ein ny vekstsesong.

Etter pløying må jorda gjerast klar til plantane. Slodding jamnar ut jorda etter pløying, og harving er ein metode for å smuldre, jamne og blande jorda.

CC BY-SASkrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 02.06.2023

Læringsressursar

Jordarbeiding og såing