Gjødsling
Kor mykje du skal gjødsle, kjem an på fleire faktorar:
Kornart
Nokre kornartar krev meir næring enn andre. Dette heng ofte saman med veksttid frå såing til modning. Artar med lang veksttid krev meir næring enn artar med kort veksttid.
Forgrøde
Dersom fjorårets vekst, forgrøden, etterlet seg næring i jorda, kan du gjødsle litt mindre enn du ville ha gjort med ein vekst som brukte opp all næringa.
Jordtype
Nokre jordtypar inneheld naturleg meir næring enn andre. Til dømes er det meir næring i leirjord enn i sandjord.
Næringsinnhaldet i jorda
Kva næringsinnhaldet er i den jorda du har, kan du finne ut av gjennom ein jordanalyse.
Vi bestemmer ofte mengda gjødsel vi tilfører, ut frå mengda nitrogen vi ønsker. Gjødseltypane som blir nytta, er samansette slik at dei ulike næringsstoffa står i forhold til kvarandre etter behova til plantene og jordtypen. I korndyrking gjødslar vi vanlegvis med mellom 10 og 15 kg nitrogen (N) per dekar i ein vekstsesong.
Om du gjødslar meir enn kornplantene treng, kan det bli legde. Legde betyr at akset i toppen blir så tungt at stråa knekk og åkeren legg seg. Det gir problem i innhaustinga og redusert avling fordi det er vanskeleg å få med alt kornet. I tillegg kan det gi dårlegare kvalitet på kornet fordi det lettare blir soppangrep.
I konvensjonell korndyrking vil dei aller fleste gjødsle i same operasjon som dei sår. Dei bruker ei kombimaskin som både sår og gjødslar samtidig. I konvensjonell korndyrking blir det brukt mest mineralgjødsel, men viss du har tilgang til husdyrgjødsel, er det bra for jorda om du bruker dette innimellom. Det vil gi jorda meir organisk materiale som er bra for livet i jorda (jordhelsa).
I økologisk korndyrking blir det brukt husdyrgjødsel eller pellets godkjent for økologisk dyrking. Pelletsen består av tørka plantemateriale og/eller husdyrgjødsel.
I dei seinare åra har fleire begynte med delgjødsling i korn. Det betyr at dei deler opp den totale gjødselmengda og tildeler ho på to eller tre ulike tidspunkt. Minst halvparten av gjødsla bør givast ved såing. I bygg og havre gir du resten av gjødsla i slutten av buskingsfasen. I kveite blir det tilrådd to delgjødslingar, den første i siste del av buskingsfasen, den andre rett før skyting.
I enkelte år kan det bli behov for tilleggsgjødsling. Dette behovet kan dukke opp tidleg i vekstsesongen når det er spesielt mykje nedbør som fører til utvasking av næring frå jorda. Tilleggsgjødsling er altså eit tiltak i spesielle situasjonar og må ikkje forvekslast med delgjødsling.
Kva er forskjellen på delgjødsling og tilleggsgjødsling?
Kva faktorar påverkar kor mykje du bør gjødsle kornåkeren din?
Kva er legde i kornåkeren?
Relatert innhald
I korndyrking er det viktig å setje inn tiltak som gjødsling eller plantevern til rett tid i utviklinga av kornplanta. Til det kan vi bruke Zadoks skala.