Utviklinga av kornplanta
Som alle andre planter går kornplantene gjennom ei utvikling frå spiring og fram til blomstring og modning. Kor raskt denne utviklinga går, er avhengig av temperaturen. Høg temperatur gir rask utvikling.
Kva er forskjellen på utvikling og produksjon/vekst?
Utvikling må ikkje forvekslast med produksjon eller vekst. Produksjon er når planta veks, til dømes ved at blada blir større. Utvikling er passering av ulike stadium i livssyklusen til plantene. Stadia kjem i ei bestemd rekkefølge fram til plantene blomstrar og set frø. Utviklinga går nærast uavhengig av produksjonen. Dette kan du sjå i kornåkeren om det blir veldig tørt, då stoppar produksjonen nesten heilt opp, mens utviklinga held fram. Då får vi små kornplanter (produksjonen har stoppa) med eit ferdig utvikla aks i toppen.
For at du skal lykkast med å produsere ei stor kornavling med god kvalitet, er det viktig at du set inn tiltak som sprøyting eller gjødsling til rett tid i utviklinga til kornplanta. Til dette bruker vi Zadoks skala.
Zadoks skala vart utvikla av nederlendaren Jan C. Zadoks, og han beskriv utviklinga til kornplanta heilt frå spiring til frøkvile. Skalaen går frå 0 til 99 og er delt i ni hovudfasar. Skalaen er veldig detaljert og beskriv utviklinga nesten frå dag til dag gjennom sesongen. I praksis vil du som korndyrkar komme langt om du lærer deg dei ni hovudfasane.
Zadoks er godt etablert i fagmiljøa. Nokre stader er det vist til BBCH-skala, men dette er berre eit anna namn på den same skalaen.
Zadoks | Vekstfase | Kva skjer i kornplanta? |
---|---|---|
0–19 | Spiring | Såkornet (frøet) spirar, og dei første blada foldar seg ut. |
20–29 | Busking | Planta set fleire skot, kvart skot vil gi eit aks. God busking aukar normalt kornavlinga. |
30–39 | Strekking | Strået veks og plantene strekk seg i høgda. |
40–49 | Flaggblad | Flaggbladet blir folda ut. Flaggbladet er det øvste bladet og det siste før akset kjem. |
50–59 | Skyting | Akset kjem til syne. |
60–69 | Blomstring | Kornplanta blomstrar. |
70–79 | Mjølkestadium | Innhaldet i kornet er no ei mjølkeaktig, ganske flytande væske. |
80–89 | Deigstadium | Væska i kornet blir deigaktig, og i slutten av stadiet byrjar planta å gulne. |
90–99 | Modning, hausting, frøkvile | Kornet modnar, tørkar, og vi kan hauste. Etter hausting går kornet i kvile. |
Døme 1
Du praktiserer delt gjødsling i bygg. Delt gjødsling vil seie at du tilfører noko gjødsel når du sår kornet, og så gjødslar du ein gong til seinare i sesongen. Den andre gjødslinga er tilrådd å tilføre ved Zadoks 30–31. Ut frå skalaen finn vi at dette betyr tidleg i strekkingsfasen til kornplanta. Som ein god korndyrkar følger du med på utviklinga i eigen åker, og du ser når plantene er på rett utviklingstrinn for å tilføre gjødsla.
Døme 2
Du mistenker at kornåkeren din er angripen av ein soppsjukdom og finn eit plantevernmiddel som kan brukast mot denne typen sopp. På etiketten står det at dette middelet bør brukast ved Zadoks 28–29. Det er seint i buskingsfasen. Du følger sjølvsagt med på utviklinga og får dermed sprøytt åkeren din til rett tid.
Kva er rett rekkefølge på trinna i utviklinga av kornplanten? Dra lappane til rett stad i utviklinga. Det som skjer først, skal stå øvst.