Hopp til innhald

Fagstoff

Vår- og haustkorn

Kornet vi dyrkar, er anten vårkorn eller haustkorn. Vårkornet sår vi på våren og haustar inn på hausten same år. Haustkornet sår vi på hausten og haustar inn hausten året etter. Haustkornet står altså ute gjennom ein vinter.
Ein åker full av grøne kveiteaks med jordbrukslandskap med innsjø og busetnad i bakgrunnen. Foto.

Vårkorn

Vårkorn sår og haustar vi det same året: Vi sår det på våren og haustar det på hausten. I Noreg dyrkar vi det meste av kornet som vårkorn. Bygg og havre blir nesten berre dyrka som vårkorn, mens kveite kan dyrkast som både vår- og haustkorn. Det er først og fremst vårkveite som blir til matkorn. Haustkveite går for det meste til dyrefôr fordi kvaliteten blir dårleg.

Haustkorn

Haustkornet må ha ein kald periode, altså ein vinter, for å danne blomster og frø. Utan denne kalde perioden vil kornplantene berre danne blad. I Noreg er det først og fremst kveite vi dyrkar som haustkorn. I tillegg blir dyrka noko rug og rugkveite. Rugkveite er, som namnet tilseier, ei kryssing mellom rug og kveite. Haustkorn har eit mykje større avlingspotensiale enn vårkorn.

Skal eg dyrke vårkorn eller haustkorn?

Arealet av haustkorn her i landet varierer mykje frå år til år. Årsaka er at vi må ha ein fin haust for å få sådd haustkornet. Vi må ha tid til å hauste inn årets avling, jordarbeid og deretter så haustkornet før det blir kaldt og snø. Mykje nedbør på hausten gir derfor lite haustkorn.

Når du skal bestemme deg for om du skal dyrke vår- eller haustkorn, er det fleire ting å ta omsyn til. Det eignar seg ikkje å dyrke haustkorn alle stader det blir dyrka vårkorn. Lange vintrar med stabilt snødekke gir utfordringar med soppangrep på haustkornet. Det er òg nokre jordtypar som eignar seg dårleg for haustkorn, til dømes myrjord.

Ein fordel med å ha haustkorn i delar av åkerarealet på garden er mindre arbeidsbelastning på våren. Ved å dyrke litt vårkorn og litt haustkorn reduserer du òg risikoen for at heile kornavlinga på garden slår feil. Til dømes toler haustkorn vesentleg meir tørke enn vårkorn.

Oppgåve om vår- og haustkorn

Kjelde

Stabbetorp, J. (u. å.). Dyrkingsveiledning– høstkorn. Henta 25. april 2023 frå https://agder.nlr.no/files/documents/Fagforum-Korn/Fagartikler/Korn/Dyrkingsveiledning-hostkorn.pdf

CC BY-SASkrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 20.03.2023

Læringsressursar

Kornproduksjon