Hopp til innhald
Fagartikkel

Korndyrking i Noreg

Kornproduksjon er viktig for norsk landbruk, og kornet blir nytta til både menneskemat og fôr. Kvar i Noreg dyrkar vi mest korn, og kva kornartar er vanlegast?

Kvar blir det dyrka korn?

Kornarealet i Noreg utgjer om lag 35 prosent av det fulldyrka arealet. Korn blir i hovudsak dyrka i dei lågareliggande områda på Austlandet og rundt Trondheimsfjorden i Trøndelag.

Kornartar

I Noreg dyrkar vi stort bygg, kveite og havre. I tillegg dyrkar vi noko rug og rugkveite. Vi dyrkar mest bygg, det utgjer om lag 45 prosent av kornarealet.

Kornet går til fôr eller mat

Kornet som blir dyrka, blir anten til kraftfôr for dyra eller mat til oss menneske. Det er strenge krav for at kornet skal bli godkjent for bruk i mat, og bonden får betre betalt for korn som held matkvalitet, enn for korn som går til dyrefôr.

Kor stor del av kornet som klarer desse krava, avheng både av vêrforholda og om du som korndyrkar tek rette val gjennom vekstsesongen. I Noreg kan delen av korn som held matkvalitet, variere frå 30 til 70 prosent. Vi er vanlegvis sjølforsynte med bygg og havre til mat, men kveite og rug må vi importere. Omkring 1–2 prosent av alt kornet vi produserer i Noreg, er økologisk dyrka.

Oppgåver

  1. Kvifor varierer delen matkorn mykje etter kvar i Noreg vi er?

  2. På kor stor del av fulldyrka areal dyrkar vi korn i Noreg?

  3. I kva to område i Noreg blir det meste av kornet dyrka? Kva trur du er årsaka til at vi ikkje dyrkar korn i heile landet?

Kjelder

Landbruksdirektoratet. (2021, 15. mars). Produksjon av økologiske jordbruksvarer. Rapport for 2020 (Rapport nr. 15/2021). https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/filarkiv/rapporter/produksjon0av%2038kologiske%20jordbruksvarer%202020.PDF

Nofima. (2021, 21. desember). Mest mulig norsk hvete i melet. Regjeringen.no. https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/mest-mulig-norsk-hvete-i-melet/id2892548/

CC BY-SA 4.0Skrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 20.03.2023