Hopp til innhald

Fagstoff

Artar og sortar

Du kan velje blant eit stort utval av artar og sortar når du skal dyrke korn. Kva er forskjellen på art og sort, og kva skil dei frå kvarandre? Kva må du tenke på når du skal velje såkorn på garden din?
Kornaks frå fire ulike artar ligg etter kvarandre. Foto.

Artar

Ein art er ei gruppe individ som kan få fruktbart avkom med kvarandre. Ulike artar kan i nokre tilfelle få felles avkom, men dette avkommet vil normalt ikkje sjølve vere fruktbart. Bygg, havre, kveite og rug er døme på ulike artar.

Bygg

Bygg er den kornarten som treng kortast tid frå såing til modning. Han kan derfor dyrkast i eit større område enn både havre og kveite, til dømes litt høgare over havet eller litt lengre nord.

To bilete, eit av ein stor, gul byggåker og eit nærbilete av byggaks. Foto.

Det finst to underartar av bygg: toradsbygg og seksradsbygg. Akset i toradsbygget har to rader korn, mens seksradsbygget har seks rader med korn. Det er òg kortare enn toradsakset. Toradsbygget har størst avlingspotensial, men krev ein litt lengre vekstsesong for å modne samanlikna med seksradsbygget.

Kornaks med seksradsbygg og toradsbygg på kvit bakgrunn. Foto.

Havre

Havre går for å vere den minst kravstore kornarten når det gjeld jord, og han toler òg godt eit kjølig og fuktig klima. Havre er derfor ein stor produksjon i Norden, samanlikna med til dømes kveite. Faktisk er Finland den tredje største havreprodusenten i verda. Nesten all havren vi dyrkar i Noreg, blir nytta som dyrefôr.

To bilete, eit av ein stor, gul havreåker og eit nærbilete av havreaks. Foto.

Kveite

Kveiteproduksjonen i Noreg kan variere ganske mykje frå år til år. Han stiller større krav til varme, og det meste av kveiten blir derfor dyrka på det sentrale Austlandet. Blir det ein dårleg vekstsesong, med til dømes tørke der, blir produksjonen låg. Dyrking av bygg og havre er meir spreidd, og det blir sjeldan dårleg sesong på heile Austlandet og i Midt-Noreg same år.

To bilete, eit av ein gul kveiteåker og eit nærbilete av kveiteaks. Foto.

Rug

Rug har eit djupt rotsystem og er derfor den kornarten som toler tørke best. Han har vore krevjande å dyrke fordi stråa er lange, noko som lett gir mykje i åkeren. Sjølv om det i seinare år har komme sortar med kortare og sterkare strå, er det lite dyrking av rug i Noreg i dag.

To bilete, eit av ein stor, gul rugåker og eit nærbilete av rugaks. Foto.

Sortar

For kvar av kornartene våre et finst det fleire sortar. Brage, heder og rødhette er døme på sortar av bygg. Dei ulike sortane kan sjå like ut, men dei har ulike eigenskapar som skil dei frå kvarandre. Det kan vere eigenskapar som

  • modningstid

  • sjukdomsresistens

  • avlingspotensial

Det er mange, både i Noreg og i resten av verda, som jobbar med å utvikle nye sortar der ein eller fleire av desse eigenskapane blir forbetra. Dei som jobbar med dette, kallar vi foredlarar.

Kva korn skal eg velje?

Kva art du skal velje, avheng av klima og jordtype, men òg om du satsar på å produsere korn til mat eller korn til dyrefôr.

Kva sort du skal velje, avheng mellom anna av kor lang vekstsesong det er der du bur, og kor tidleg du kjem i gang på våren. Bur du ein stad i landet der vekstsesongen er lang, kan du velje ein sort som treng lang tid for å bli moden. Denne sorten vil ikkje passe like bra om du bur ein stad med kort sesong, for der kan vinteren komme før kornet ditt er klart til tresking. Oversikt over sortar på marknaden finn du hos dei som sel såkorn.

Oppgåve: Samanlikn sortar av same art

Gå inn på ei nettside som sel såkorn (til dømes Felleskjøpet eller Strand-Unikorn). Finn tre sortar for kvar av artane havre, bygg og kveite. Kan du finne kva som skil sortane i same art frå kvarandre?

Kjelder

Graminor. (u.å.). Korn. https://graminor.no/utvikling-av-plantesorter/korn

Holtet, E. K. (2021, 16. desember). Rug. I Store norske leksikon. https://snl.no/rug

CC BY-SASkrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 20.03.2023

Læringsressursar

Kornproduksjon