Hopp til innhald
Fagartikkel

Kornsåing

Når du har opparbeidd deg eit godt såbed, er du straks i mål med våronna i kornåkeren. Det står berre att å få såkornet i jorda.

Sådjupne og såmengde

For god og jamn spiring er det viktig med rett sådjupne på såkornet, 2–4 cm. Både for grunn og for djup såing er uheldig. Sår du for grunt, kan det bli for lite fukt til at såkornet spirer. For djup såing fører til at oppspiringa tek lang tid, og det tappar plantene for som dei treng etter oppspiringsfasen.

Såmengde varierer mellom anna med art, sort og spireprosent på såkornet, men såmengda ligg vanlegvis rundt 20 kg såkorn per dekar. Det er viktig at det er god kontakt mellom såkornet og jorda slik at såkornet får tilgang på vatn i spirefasen, for utan fukt får vi inga spiring.

Rett sådjupne for såkorn er 3–5 cm.

Såmengda er vanlegvis rundt 20 kg per dekar.

Såing

Såing og gjødsling

Dei som dyrkar korn konvensjonelt, vil som oftast så og gjødsle kornet i éin operasjon. Dei har det vi kallar ei kombimaskin som blir hengd bak traktoren. Kombimaskina har to kammer, eit for såkorn og eit for mineralgjødsel. Så- og gjødselmengde kan stillast inn separat slik at vi får ønskt mengde av begge.

Husdyrgjødsel

Nyttar vi husdyrgjødsel, må dette køyrast ut før såing, og vi harvar gjerne over ein eller to gonger før vi kjem med såmaskina. Då får vi husdyrgjødsla litt ned i jorda, og næringa blir tilgjengeleg for plantene.

Tromling

Etter såing tromlar vi over heile åkeren. Tromling knuser klumpar og jamnar ut såbedet. I tillegg pakkar trommelen jorda i det øvste sjiktet, noko som gir betre kontakt mellom jorda og såkornet. Pakking med trommel fører òg til at jorda held betre på fukta. Det er viktig i spiringsfasen.

Direktesåing

Direktesåing betyr at vi sår direkte i halmstubben utan at vi pløyer først. Vi sparer tid og drivstoff, og det kan vere bra for livet i jorda. På den negative sida finn ein auka ugrasproblematikk og tendens til dårlegare avlingar.

Ugrasproblema kjem av at pløying har vist seg å vere effektivt i kampen mot fleirårig ugras. Samtidig er pløying negativt for dyrelivet i jorda, til dømes meitemakk. Det er fordi pløying bokstaveleg talt snur jorda opp ned for dei som bur der.

Film om kornsåing (5:05)

Sjå filmen om kornsåing, og svar på oppgåvene etterpå.

Video: Senter for livslang læring (SELL) ved Høgskolen i Innlandet (HINN) / CC BY-NC 4.0
  1. Kva er forskjellen på ei såmaskin og ei kombimaskin? Når kan det vere aktuelt å bruke kvar av desse?

  2. Kva er hensikta med å tromle etter at du har sådd?

  3. Kor mange dagar tek det frå kornet er sådd, til det spirer? Kva faktorar påverkar kor raskt kornet spirer?

  4. Korleis kan vi ta vare på mest mogleg av vatnet i jorda etter spiring?

  5. I filmen blir det nemnd "kapillær transport av vatn". Finn ut kva som blir meint med dette.

Kjelder

Bjerga, B. m.fl. (2009). Maskiner for landbruk og gartnernæring. Fagbokforlaget.

Yara. (u.å.). Såing og etablering. Henta 25. april 2023 frå https://www.yara.no/gjoedsel/engasjement/bransjeprosjektet-okt-norsk-kornproduksjon/tiltak-for-a-forbedre-avlingsutviklingen-i-norsk-kornproduksjon/utfordringer-muligheter-og-tiltak/saing-og-etablering/

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Skrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 20.03.2023